Dialogkonferanse om innovative ordbøker

5. mars arrangerast del 1 av dialogkonferansen om innkjøp av digitale ordboktenester, i Bergen.

Publisert 30.01.15

Sogn og Fjordane, Leverandørutvikling

Dialogkonferansen er eit ledd i NHO/KS/Difi Nasjonalt program for leverandørutvikling, som vil stimulere til meir konkurranse, næringsutvikling og innovasjon ifb offentlege innkjøp.

Forum For Fylkesutdanningssjefar (FFU) har vedteke at ei prosjektgruppe skal prøve å få til samarbeid og nytenking knytt til digitale ordbokstenester for dei vidaregåande skulane i fylka. Saman med Nasjonalt program for leverandørutvikling inviterer dei til dialogkonferanse i Bergen 5. mars

Føremålet med dialogkonferansen er både å informere om fylka sine behov og utfordringar knytte til bruk av digitale ordboktenester, og å lytte til potensielle leverandørar i denne samanheng. 

Les meir om dialogkonferansen i invitasjonen

Nasjonalt program for leverandørutvikling er eit samspel mellom det offentlege og leverandørar, og skal bidra til at offentlege anskaffingar i større grad stimulerer til innovasjon og verdiskaping. NHO, KS og Difi er initiativtakarar til programmet.
www.leverandorutvikling.no

https://www.doffin.no/Notice/Details/2015-424023