Dialogkonferanse velferdsteknologi og automasjon - Eid omsorgssenter

Eid kommune vil i samarbeid med NHO/KS Nasjonalt Program for leverandørutvikling og det regionale programmet i Sogn og Fjordane invitere til en open dialogkonferanse for interesserte produsentar, leverandørar og eventuelt andre.

Illustrasjon, Eid Omsorgssenter.

Publisert 11.04.14

Sogn og Fjordane

Formålet med dialogkonferansen er å informere om kommunen sine behov og utfordringar knytt til bruk av Velferdsteknologi og automasjon, samt informasjon om programmet og den vidare gjennomføring av prosessen. På denne måten ønskjer kommunen å få meir klarhet i kva leverandørane kan tilby, og på den andre sida får leverandørane høve til å utvise innovasjon og kreativitet for å tilby alternative og nye teknologiske løysingar. Dialogkonferansen kan og vere ein arena der bedriftene kan finne moglege samarbeidspartnarar. Dette skal gje grunnlag for ein meir framtidsretta kravspesifikasjon enn den ville blitt utan dialog.

Firma som ønskjer å vere med vidare kan i etterkant av dette dialogmøte sende inn ein skriftlig omtale av korleis dei best kan løyse behovet og utfordringane (ikkje meir enn 4 A4-sider) og gje kommunen gode råd i anskaffelsesprosessen.

Det er ønskjeleg at dei løysingsforslag som blir presentert er omtalt på eit overordna og funksjonelt nivå. Idear som kjem fram i denne prosessen vil bli kunne brukt i både utarbeiding av kravspesifikasjonar og i seinare anskaffelser.

Deretter vert dialogkonferansen sin del II gjennomført (sjå tidsplan nedanfor) der alle interessentar vert invitert til dialogmøter ein til ein for å presentere sine innspel munnleg og opne for dialog om utfordringar og moglege løysingar. Målet er å få best mogleg kunnskap om kva som er mogleg og kva som er tilgjengeleg av alternative løysingar for Velferdsteknologi og automasjon for sjukeheimar.

Det er også mogleg for leverandørane å sende inn ein omtale som svar på kommunen sine behov og utfordringar innan utløp av fristen , utan å delta på dialogkonferanse I eller II.

Foreløpig tidsplan
07.mai 2014 Dialogkonferanse på Nordfjordeid
29. mai 2014 Frist for levering av innspel og påmelding ein til ein møter
10.juni 2014 Ein til ein møter
17.juni 2014 Utarbeiding av kravspesifikasjon
juli 2014 Utlysing av konkurranse

Agenda dialogkonferanse 07.mai 2014
Eid rådhus , kommunestyresalen, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

10:30 Kaffi og rundstykker
11:00 Velkomne ved ordførar Alfred Bjørlo (V)
11:10 Kort om program for leverandørutvikling v/ Tore Andre Sines og Siri L. Stavang, NHO
11:25 Orientering om planer og bygging av Eid omsorgssenter v/ prosjektleiar Torfinn Myklebust,
prosjektleiar
11:45 Behov for velferdsteknologi og automasjon v/Rambøll Norge AS, Anita Woll og Håkon Gissinger
12:05 Pause (mulighet til å knytte kontakt med potensielle samarbeidspartnere)
12:35 Arbeidskvardagen på sjukeheim v/rådgjevar Annr Ruth Botn Bjørlo, Eid kommune
12:50 Underlag for innspel frå leverandører v/ Håkon Gissinger
13:00 Spørsmål og diskusjon
13:30 Vegen vidare

Representantar frå Eid kommune og Rambøll Norge AS vil vere til stades for nærmare spørsmål frå
den einskilde leverandør fram til kl 14:30. Her vil det også vere mulighet til å knytte kontakt med potensielle samarbeidspartnere.

Påmelding til dialogkonferansen 07.mai 2014 sendast til torfinn.myklebust@eid.kommune.no
seinast 02.mai 2014.

Vi ber om at det i påmeldinga vert opplyst om namn, firma og kontaktinformasjon.

Presentasjonar frå dialogkonferansen del 1 vil vere tilgjengelig på www.leverandorutvikling.no i etterkant, saman med eit underlag som omtalar behova nærmare.

Skriftlege innspel frå leverandørar samt påmelding til ein til ein møter sendast innan 29.mai 2014 på e-post til torfinn.myklebust@eid.kommune.no 

Les meir her.

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949
Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860