Dialogmøte Biofyringsanlegg på Mo Jordbruksskule

Innovasjon og næringsutvikling gjennom offentlege innkjøp - Sogn og Fjordane Fylkeskommune inviterer til ope dialogmøte for interesserte produsentar, leverandørar og eventuelt andre i samband med anskaffing av ny varmekjelde på skulen.

Publisert 23.09.15

Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Fylkeskommune tek eit positivt initiativ når dei no inviterer leverandørar til dialogkonferanse i samband med innkjøp av varmeanlegg ved Mo og Øyrane Vidaregåande skule, avdeling Mo. Føremålet er å gje skulen ein ny miljøretta varmekjelde og finne fram til nyskapingande løysingar som i tillegg kan bidra til å gjera bioenergi endå meir konkurransedyktig enn i dag.

Tid: Torsdag 8.oktober
Stad: Mo og Øyrane VGS, avd Mo

Agenda:
Klokka 12:30 – 13:30, Dialogmøte.
Kl. 13.30 og utover, Ein-til-ein møter.

Sjå invitasjon her.
Les meir i Vedlegg 1 og Vedlegg 2.
(Invitasjon ligg også ute i Doffin).

Påmelding sendast til magne.westvik@sfj.no

Med dette dialogmøte ønskjer Fylkeskommunen å få meir klarheit i kva leverandørane kan tilby, og på den andre sida får leverandørane høve til å utvise innovasjon og kreativitet for å tilby alternative og nye løysingar. Dialogkonferansen kan og vere ein arena der bedriftene kan finne moglege samarbeidspartnarar. Dette skal gje grunnlag for ein meir framtidsretta kravspesifikasjon enn den ville blitt utan dialog.

NHO med Nasjonalt Program for Leverandørutvikling  støttar Fylkeskommunen sitt initiativ og oppmodar bedrifter og andre aktuelle om å delta på dialogmøte.

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949