Dialogmøte for skatepark 20. januar

Flora kommune ønskjer framtidsretta og kreative løysingar for skateparken, og vil derfor invitere til eit ope dialogmøte for leverandørar. Målet er stimulere til innovasjon, og å legge til rette for eit meir behovsretta produkt.

Publisert 11.01.16

Sogn og Fjordane

Flora kommune har vedteke å bygge ein skatepark, lokalisert ved Flora ungdomsskule (FUS) og sentralidrettsanlegget. Arbeidet med å få på plass ein skatepark har pågått i mange år. I sentrumsplanen frå 2012 står det at skal leggast til rette for ein skatepark i Florø sentrum. Plasseringa er no vurdert på ny, og det er vedteke at parken skal leggast rett utanfor bykjerna. Dette er eit område med mykje aktivitet, dag og kveld, heile året. 

Vi ønskjer framtidsretta og kreative løysingar for skateparken, og vil derfor invitere til eit ope dialogmøte for leverandørar. Målet er stimulere til innovasjon, og å legge til rette for eit meir behovsretta produkt. Dette er knytt til NHO/KS/DIFI Nasjonalt program for leverandørutvikling, les meir om dette her: www.leverandorutvikling.no.

Gjennom møte ønskjer Flora kommune å opprette ein dialog med marknaden tidleg i prosessen for å få gode innspel til arbeidet med å utvikle ein funksjonell kravspesifikasjon, samt for å stimulere leverandørbedriftene til utvikling og innovasjon. 

Agenda for dialogmøte 20.januar – 2016

10:00 Kaffe, te og frukt. 10:30 Velkommen  og presentasjon av dei frammøtte

11:00 Kort orientering om program for leverandørutvikling v/ Marit Gjerstad, NHO 

11:15 Orientering om planar for skatepark. Prosessen så langt og behov v / Flora kommune 

11:35 Pause (høve til å knytte kontakt med potensielle samarbeidspartnere) 

11:45 Synfaring på området 

12:15 Spørsmål og diskusjon

Stad: Florahallen ved Flora ungdomsskule, Havrenesvegen 4.

Påmelding til dialogkonferansen sendast til margitdrivenes.klovfjell@flora.kommune.noseinast 15.januar. Vi ber om at det i påmeldinga blir opplyst om namn, firma og kontaktinformasjon.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860