Ei god avtale for bedriftene

Forenkling og forbetring er to stikkord NHO ynskjer å framheve når vi summerer opp dei viktigaste endringane i den nye IA-avtalen. 

Publisert 19.05.14

Sogn og Fjordane, Vi meinar

NHO er godt nøgd med den nye avtalen som skal bidra til eit meir inkluderande arbeidsliv og som har målsetjing å vidareutvikle og forsterke det som har fungert godt tidlegare. Vi meiner den nye avtalen er eit godt verktøy for våre medlemsbedrifter i arbeidet med å redusere sjukefråværet og inkludere fleire i arbeidslivet.

Mindre byråkrati for bedriftene har NHO jobba med sidan den første avtalen vart inngått i 2001, og spesielt etter at dei nye sanksjonane vart innført i 2011.

Frå skjemavelde til god oppfølging

Regjeringa har lytta til dei utfordringane som norske bedrifter har meldt frå om. Blant dei mest sentrale forenklingane  er fjerning av innrapportering og sanksjonar frå NAV. Dette er ei viktig endring frå skjema- og rapporteringsfokus til fokus på kvalitetane i sjølve sjukefråværsoppfølginga. Den gamle avtalen påla majoriteten, nemleg dei seriøse bedriftene, eit betydeleg meirarbeid for å få tatt dei få som ikkje gjorde ein tilstrekkeleg jobb. I tillegg var kontrollen innretta på om bedrifta hadde sendt inn rett utfylt skjema til rett tid, ikkje kva slags oppfølging bedrifta hadde gjort med den sjukemeldte. Ved å fjerne skjemavelde frigjerast no ressursar til å jobbe meir målretta mot sjukefråvær og fortsette å auke kvaliteten i oppfølgingsarbeidet.

NHO-bedriftene nådde målet

NHO meiner våre medlemsbedrifter har gjort seg fortente til den tilliten dei no får. I løpet av den siste avtaleperioden har våre medlemmer nådd målet om 20 prosents reduksjon i sjukefråværet frå 2001. Det er jobba godt i mange bedrifter, og vi kan ikkje sjå at det er noko grunn til å tru at sjukefråværsarbeidet kommer til å trappes ned, fordi sjukefråværet fortsatt er ein stor kostnad for bedriftene.

Enklare å bli IA-bedrift

Forenklingane i den nye avtalen vil bidra til at fleire bedrifter, spesielt dei små, vil kunne teikne IA-avtale. Samarbeidsavtalen som bedriftene må teikne for å bli IA - bedrift blir forenkla, blant anna ved færre møter og at bedriftene sjølv kan velje kva slags IA-mål dei vil arbeide med.

Oppfølging på arbeidsplassen; den beste medisinen

Hensikta med IA-samarbeidet har heile tida vore å flytte arbeidet med sjukefråvær frå legekontoret til arbeidsplassen. God og tett oppfølging på arbeidsplassen har vist seg å vere riktig medisin. Men det legg føre tillit, dialog og samarbeid. Den nye avtalen vektlegger betydinga av å sette i gang tiltak tidlegare og sortere ut fråværsløp som skal følgjast tettare. Når utprøving på arbeidsplassen ikkje førar fram, skal NAV komme raskare på bana for å hjelpe arbeidstakar over i ein anna jobb.

Avtalen legg sterkare vekt på det førebyggjande arbeidet på arbeidsplassane, og har difor endra IA-tilretteleggingstilskotet og Bedriftshelse-tilskotet til eit førebyggings- og tilretteleggingstilskot.  Vi veit at betre førebygging vil kunne redusere både sjukefråvær og tidleg pensjonering.

Nytt verkemiddel: «Sjukemeldt på jobb»

Forsking visar at graderte sjukemeldingar er eit virkemiddel for å få den sjukemeldte raskare tilbake i arbeid og dermed unngå langtidsfråvær.  Gradert sjukemelding kan bidra til eit kortare fråvær, men forskinga visar at det kostar bedriftene fordi det er utfordrande å finne riktig gradering.

Under forhandlingane lanserte NHO difor begrepet «Sjukemeldt på jobb» som eit nytt virkemiddel. Dette er ein variant av det som tidlegare var aktiv sjukemelding der den sjukemeldte kan møte på jobb utan at det stillast forventningar til prestasjon. Partane vil på denne måten få meir spillerom til å teste riktig gradering for den sjukemeldte. NHO er difor nøgd med at regjeringa har gitt klarsignal til at det skal gjørast eit omfattande forsøk med «Sjukemeldt i jobb», og håpar det blir eit nytt IA- virkemiddel om ikkje lang tid.

Myndigheitene må sikre dei unge

NHO opplever at regjeringa har klare ambisjonar om å få fleire med redusert funksjonsevne inn i arbeidslivet noko som også speilast i avtalen. Målsettingane skal opprettehaldast, men det er einigheit om at nye grep skal tas for å forsterke innsatsen på unge som står i fare for å falle ut av arbeidsmarknaden. Myndigheitene vil ha hovudansvaret og må stille med virkemidlar for å senke terskelen for å få bedriftene til å ta inn fleire i desse målgruppene. Det er derfor positivt at virkemidlar som tilretteleggingsgaranti og lønstilskot styrkast, samt at NAV stiller med kontaktperson som skal gi oppfølging ved utplassering.

IA-avtalen kjem fortsatt til å vere eit viktig verktøy i å sikre høg deltaking i arbeidslivet. At vi har gått frå kontroll og overvaking til tillit og forenkling gjer avtalen tilgjengelig for fleire bedrifter, samtidig som den målretter innsatsen og frigjer ressursar til dei viktigaste oppgåvene, nemleg det å sikre eit inkluderande arbeidsliv for alle.  

Kontakt oss

Ann-Torill Benonisen Indreeide

Spesialrådgiver

atbi@nho.no
Telefon
23088438
Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860