Ein god del å glede seg over for Sogn og Fjordane i NTP

Nasjonal transportplan blei lagt fram i dag, og for Sogn og Fjordane sin del er det fleire positive nyheiter. Fleire av dei prosjekta som er komne inn både i første og andre planperiode er prosjekt som NHO har spelt inn til regjeringa gjennom Samferdsleløftet. Det er vi glade for.

#205

Ein skipstunnel har vore etterspurd lokalt i mange år. Fleire utgreiingar er gjennomførte. No ligg tunnelen inne med finansiering allereie i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2018-2029. - Vi er glade for at skipstunnelen no blir ein realitet. Den vil føye Vestlandet saman til ein heilskapleg region langs sjøvegen. Vi legg òg til rette for at hurtigbåttilbodet blir utvida heile vegen frå Bergen til Ålesund og at reisetida blir forkorta, opplyser Solvik-Olsen. Fotograf: Kystverket

Publisert 05.04.17

Sogn og Fjordane

Vi har dessutan tru på at det nye vegselskapet "Nye vegar" vil gje fortgang i prosjekt som elles ville hamna lenger framme i tid enn den totale planperioden. At det blir satsa meir enn nokon gong på transportsektoren er viktig for Sogn og Fjordane, ikkje minst når det gjeld å ta igjen etterslep og vedlikehald. Meir til rassikring både på riks- og fylkesvegar er sentralt for oss, til liks med at det blir satsa mykje på å styrke godstransporten til sjøs.

Når det blir presisert i stortingsmeldinga at Rv 52 Hemsedal er eit av to samband det skal satsast sterkast på når det gjeld næringstrafikk mellom Aust- og Vestlandet, må det sjåast på som ein siger for folk og næringsliv på store deler av Vestlandet.

Det som for mange blir sett på som skoret i glada er at verken Strynefjellet eller Vikafjellstunnelen er inne.

Her er ei avgrensa tekstleg oversikt over noko av det som blei langt fram i dag, og som vedkjem vårt fylke:

Ferjefri E39:

Utbetring av strekningane på land er for mange minst like viktige som bruer og tunnelar. I dei kommande åra vil det bli utbetringar på E39 i samtlege fylke på strekninga. E39 Bjørset – Skei i Sogn og Fjordane blir den første strekninga som er venta ferdig. Den opnar for trafikk i 2019. Dette prosjektet omfattar utbetring av kring 11 kilometer tofelts veg.

Fleire andre strekningar i Sogn og Fjordane står også på lista over prosjekt som skal byggjas i perioden. T.d. Bogstunnelen - Gaular grense, Myrmel - Lunde, Byrkjelo – Sandane.

Aust-vest:

E134 og riksveg 52 skal prioriterast høgast når det gjeld investeringar for å redusere reisetida og spesielt tilrettelegge for tungtransport. E134 over Haukelifjell skal ta trafikken mellom Austlandet og Haugesundsregionen/Sunnhordaland, og er i tillegg den viktigaste forbindelsen mellom Vestfold/Telemark og Bergensregionen. Riksveg 52 vil vere hovudvegforbindelsen for næringstrafikk mellom Austlandet og Vestlandet. Riksveg 52 er allereie i dag den fjellovergangen mellom Austlandet og Vestlandet med høgast andel tungtransport.

Rassikring:
I første seksårsperiode legg regjeringa opp til å ferdigstille arbeidet på følgjande igangsette prosjekt: Rv 13 Vik-Vangsnes.
I tillegg er det lagt opp til igangsetting av følgjande prosjekt i 1. periode: Rv 5 Kjøsnesfjorden,
I tillegg er det lagt opp til igangsetting av følgjande prosjekt i første seksårsperiode:E39 Skjersura, E39 Våtedalen og E39 Nærøydalen (Hylland-Sveen).

Fylkesvegar:
I forslaget til Nasjonal transport er det foreslått totalt på landsplan 33,2 milliardar kroner avsett til ulike tiltak på fylkesvegnettet: Fylkesvegsatsing totalt inkl. tunneltryggleik: 15,6 mrd. kr. Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka: 2,8 mrd. kr. Skredsikring på fylkesvegar: 12 mrd. Kr. Tilskot til gang- og sykkelvegar: 2,7 mrd. kr.

Midlane til fylkesvegane vil vere ein del av det fylkeskommunale rammetilskotet på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett. I tillegg blir det sett av 12 milliardar kroner til skredsikring av fylkesvegane.

Frå veg til kjøl, og Stad Skipstunnel:
- Satsinga på kysten som transportåre blir styrka i Nasjonal transportplan. Oppgradering av farleier og tekniske installasjonar, stimulans for nærskipsfarten, utvikling av teknologi, bygging av verdas første skipstunnel og meir effektive hamner er nokre av grepa som skal auke godsmengda langs kysten, opplyste samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i dag.

Det er sett av om lag 7,6 milliardar kroner til 34 nye hamne- og farleiprosjekt i nye Nasjonal transportplan. Samstundes vil prosjekt som allereie er sett i gang, bli ferdigstilt. Det største prosjekta er Stad skipstunnel.

Ein skipstunnel har vore etterspurd lokalt i mange år. Fleire utgreiingar er gjennomførte. No ligg tunnelen inne med finansiering allereie i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2018-2029. - Vi er glade for at skipstunnelen no blir ein realitet. Den vil føye Vestlandet saman til ein heilskapleg region langs sjøvegen. Vi legg òg til rette for at hurtigbåttilbodet blir utvida heile vegen frå Bergen til Ålesund og at reisetida blir forkorta, opplyser Solvik-Olsen.

Utdjuping av innseglinga til Florø med ei ramme på 80 millionar kroner, samt fiskerihamn i Kalvåg til vel 100 millionar er også nemnt i Nasjonal transportplan, men er ikkje planlagt før i andre planperiode. Her kan det etter alt å døme kome på tale med forskotering av prosjekta. 

Avinor:
Ved Florø lufthavn vurderer Avinor å utvide terminalområdet og talet på flyoppstillingsplassar i planperioden.

Her finn du ei generell oversikt over løfta i Sogn og Fjordane - Fylkesflak NTP 2018-2029.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419