Vegen vidare for eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane

13. november inviterer NHO Sogn og Fjordane & Abelia i samarbeid med Sogn og Fjordane Arbeidsparti til ope ordskifte om eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane. Hadia Tajik, Ingrid Heggø, Håkon Haugli og Jan Atle Stang kjem, kjem du?

Publisert 04.11.15

Sogn og Fjordane

NHO Sogn og Fjordane og Abelia, i samarbeid med Sogn og Fjordane Arbeidsparti, har invitert nestleiar i Arbeiderpartiet Hadia Tajik, og Arbeiderpartiets Stortingsrepresentant frå fylket, Ingrid Heggø til å møte det lokale arbeids- og næringslivet og andre relevante og interessante aktørar til eit ope ordskifte om vegen vidare for eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane.

 Tid:  13. november kl. 17.30 til 20.00.
Stad: Quality Hotel Sogndal, Sogndal.

MELD DEG PÅ HER!

 Vi aner ikkje kva slags teknologi som vil bli utvikla dei neste 50åra, men vi veit at utviklinga går stadig raskare. For kva ny form for teknologi som vert introdusert, går det raskare frå den blir lansert til den blir tatt i bruk. Mens det tok cirka 60år før rundt 60 prosent av alle potensielle brukarar hadde telefon, tok det 25år før mobiltelefonen og internett blei allemannseige. Teknologien har endra levesettet vårt, og korleis vi arbeider. Denne utviklinga vil berre fortsette. I Sogn og Fjordane har spiren for IT-næringa verkeleg begynt å gro. Her utviklar ein robotar, dataparkar og App'ar for å trekkje fram noko. Alle er med på å bidra til eit meir moderne og effektivt samfunn.

Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane er eit fylke kor det moderne arbeidslivet slår rot, kor det er enkelt og attraktivt å etablere bedrifter og kor kunnskap og kompetanse kan rekrutterast og utviklast. Forutsetningane for eit innovativt og verdiskapande fylke er gode rammevilkår, samt eit godt samarbeid og samhandling mellom forskings- og utdanningsinstitusjonar, offentleg sektor, nærings- og arbeidslivet og samfunnet forøvrig. NHO Sogn og Fjordane & Abelia veit at dette arbeidet drivast kontinuerleg i fylket, og vi trur at gode møteplassar mellom partane kan bidra til ein enda tettare dialog kor utfordringane kan luftast og mulegheiter kan skapast. 

Program:
Kl. 17.30: Velkommen til Framtidsfylket
ved Jan Atle Stang, NHO SF.
Kl. 17.40: Frå Vik til New York? Grethe Hjetland, Highsoft.
Kl. 17.50: Korleis tilsette den femte medarbeideren?
Halvor Gregoriussen, Rocketfarm.
Kl. 18.00: Forskingsmidlar frå Brussel anvendt i Sogn og Fjordane.
Merete Lunde, Vestlandsforsking.
Kl. 18.10: Sofaprat mellom Hadia Tajik og Håkon Haugli
(opning for spørsmål frå salen)
Frå kl. 19.00: Fingermat og tid for dei uformelle samtaler.

Møteleiar Mari Berdal Djupvik
(Næringspolitisk rådgjevar i Abelia)

 Vi håper du har tid og lyst til å delta på eit ope ordskifte om vegen vidare for eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane på Quality Hotel Sogndal 13. november.  

MELD DEG PÅ HER!