Eldsjeler premiert på IA-dagen

IA-dagen 2014 gjekk i går av stabelen på Sunnfjord Hotel, og tradisjon tro blei årets eldsjeler kåra. Marie Ovird, leiar i Kyrkjebakken barnehage i Sogndal, Gunn Røys i Norway Pelagic i Kalvåg, og Ekornes si avdeling på Grodås blei premiert for sin innsats for arbeidsmiljøet på sine arbeidsplassar.

Publisert 26.09.14

Sogn og Fjordane

Prisen for årets eldsjel blir delt ut til to enkeltpersonar og ei verksemd, og det er IA-rådet som utnemnar vinnarane. Frå scena hausta årets eldsjeler stor applaus, og dei fortalde kvifor dei legg ned ein ekstra innsats for trivsel og miljø på arbeidsplassen.

Arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad opna IA-dagen, som i år hadde temaet "Mangfald og trivsel – ein arbeidsplass for framtida". Robin Waaler, styreleiar i stiftinga Mangfald i Arbeidslivet (MiA) heldt eit innlegg om sitt brennande engasjement for mangfald, og psykolog John Petter Fagerhaug  snakka om "det gode arbeidsliv" gjennom sine erfaringar med å utvikle både enkeltmenneske og bedrifter.

 

Marit Gjerstad frå NHO, Anne Siri Bentsen frå UNIO og avelingsdirektør i NAV Tore Thorsnes diskuterte den nye IA-avtalen frå sine ståstader, og  på scena vart også to ungdommar frå ungdomsbedrifta Flora Marketing UB som hadde Inkluderande Arbeidsliv som ein sentral del av verksemda. Dei kunne fortele korleis dette bidrog til å skape motivasjon, samhald og progresjon i gruppa.

Dagen vart avslutta med eit inspirasjonsforedrag av Marco Elsafadi. Elsafadi er tidlegare basketballspelar og stiftar av organisasjonen New Page, som jobbar med vanskelegstilt ungdom. I 2009 vart han kåra til årets forbilde på idrettsgallaen, og på IA-dagen 2014 inspirerte han dei frammøtte med foredraget "Samspel, ansvar og arbeidsglede".