Eldsjelpris til Hydro Høyanger

Elektrolyse- og metallverket i Høyanger vart  hedra for sitt gode IA- og HMS arbeid på IA- dagen 2015 i Førde. - Det er inspirerande å få honnør for arbeidet vi legg ned saman med dei tilsette og samarbeidspartar, seier personalsjef Jonny Manseth.

Gode på inkludering (f.v.): Anja Pettersen (fagleiar personal), Jonny Manseth (personalsjef), Astrid Refsdahl (nestleiar Høyanger Kjemiske Industriarbeider-forening), Oddvin Hovland (leiar i IA-utvalet og fagleiar vedlikehald) ved Hydro i Høyanger mottok IA- pris for bedrift. Ingebjørg Breisnes (t.h) som er styrar ved Nybø barnehage i Leikanger vann IA- prisen for person.

Publisert 23.09.15

Sogn og Fjordane

IA-dagen 2015  gjekk av stabelen på Scandic Sunnfjord Hotel 17. september, og tradisjon tro blei årets eldsjeler kåra. Prisen for årets eldsjelar vert delt ut til ei verksemd og ein enkeltperson, og det er IA-rådet som utnemnar vinnarane. Frå scena hausta årets eldsjeler stor applaus, og dei fortalde kvifor dei legg ned ein ekstra innsats for trivsel og miljø på arbeidsplassen.

Halvert sjukefråver
Hydros elektrolyse- og metallverk ved Høyanger fekk tildelt eldsjelprisen for bedrift. Verksemda auka sitt fokus på IA- arbeid for 5-6 år sidan. Då låg sjukefråværet på mellom 8 og 9 prosent. - Det var ein tung materie å ta tak i, men ved å vere løsningsorientert og jobbe målretta har vi no halvert sjukefråveret og ligg hittil i år på 3,7 prosent, seier Oddvin Hovland som er leiar i IA-utvalet og fagleiar vedlikehald ved Hydro Aluminimum. - Vi er svært nøgde og inspiret av å motta eldsjel- prisen, seier seier personalsjef Jonny Manseth.

Inkluderande
Det vart også delt ut IA- pris for person. Ingebjørg Breisnes som er styrar ved Nybø barnehage i Leikanger fekk tildelt denne prisen. Barnehagen har gjennom fleire år tilbydd ulike typar arbeidspraksis og vart hedra for sitt arbeid med inkludering.

Hovudtema for IA- dagen
Årets tema var Samfunnsansvar og IA hand i hand - verdi for samfunn, verksemd og tilsett. Jan Heggheim, Fylkesdirektør for Næringsavdelinga i Sogn og Fjordane introduserte kva samfunnsansvar (CSR - Corporate social responsibility) handlar om og viste også til nettverket 'Samfunnsansvarlig næringsliv i Sogn og Fjordane' som er pådrivar for at Sogn og Fjordane skal bli eit Framtidsfylke innan samfunnsansvar. Kjersti Fløgstad, rådgjevar i GoodBusiness kunne vise til at inkludering og samfunnsansvar er viktige suksessfaktorar for å vinne i konkurransesituasjonen. Sosiolog og seniorforskar ved Arbeidsforskningsinstituttet ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Øystein Spjelkavik poengterte i sin presentasjon at det viktigaste for å lukkas med å inkludere dei som står utan jobb er å få folk i arbeid så raskt som mogleg, og deretter supplere med andre aktivitetstiltak. NAV må også gjere ein betre jobb og støtte opp om dei tilsette og arbeidstakar og ein må auke fokus på Inkluderingskompetanse.

Avslutningsvis presenterte May- Britt Torsnes i Nyrstar i Høyanger Prosjekt Jobbstrategi - ein ny og innovativ metode som handlar om å få arbeidslaus ungdom i arbeid. Metoden går ut på at bedrifter går saman om å tilby praksisplassar til ungdommar i totalt 1 år (3 ungdommar er 4 månader i kvar bedrift). Safeclean, Nyrstar og Hydro Høyanger har gjennomført 'ein loop' med gode erfaringar og oppmodar fleire bedrifter til å vise si interesse å etablere ein loop i sin region.