EØS-avtalen er avgjerande for eksportnæringane

Norge sitt forhold til EU gjennom EØS-avtalen er under kontinuerleg debatt. Det er bra med debatt. Det som uroar oss no, er dei mange åtaka på denne viktige avtalen som har kome fram i det siste.

#205

Fotograf: iStockPhoto

Publisert 08.02.17

Sogn og Fjordane

Dette i ei tid då mange strukturendingar internasjonalt heller skulle tilseie at handelsavtalen med EU burde stå fast.

Brexit og Trump, proteksjonistiske og populistiske strøymingar, utgjer i dag eit trugsmål mot internasjonal handel generelt og mot EU-samarbeidet, og for Norge sin del, EØS-avtalen spesielt.

Norge er eit ope, lite land, og knapt noko land er difor så avhengig av internasjonalt samarbeid som Norge. Og EU er vårt desidert største marknad. Til dømes blir 40 prosent av produksjonen i fastlandsøkonomien vår seld til utlandet. 80 prosent av eksporten vår går til EU, og 60 prosent av importen kjem frå EU-land. I tillegg er det her verd å nemne at to tredeler av norske bedrifter sine investeringar i utlandet blir gjort i EU-land, og tilsvarande kjem to tredeler av utanlandske investeringar i Norge frå investorar i nettopp EU. Dette fortel sitt om kor enorm betydning EØS-avtalen har for vårt nærings- og samfunnsliv.

Mange spør i dag om kva vi skal leve av etter oljen. Det kan vere mange meiningar både om spørsmålet i seg sjølv og om eit eventuelt svar. Sikkert er det i alle høve at eitt av dei område der vi veit at vi har store komparative fordeler her i landet er satsing på kysten og havrommet. Men for at vi overhovudet skal kunne få noko ut av ei slik storsatsing er vi heilt avhengige av ein stor og stabil marknad. Det er denne marknaden motstandarane av EØS-avtalen vil bryte med. Til dømes vil det vere katastrofalt for sjømatnæringane om EØS-avtalen blir sagt opp. Ein stabil og sikker tilgang til den indre marknaden er heilt sentral for denne og andre næringar som driv eksport av gode, norske produkt.

Eit anna moment som bør tale for eit framleis sterkt tilhøve til EU gjennom dagens EØS-avtale, er den økonomiske situasjonen vi har hatt dei siste åra som følgje av nedgang i petroleumsaktiviteten. I ei tid med store omstillingar i norsk økonomi, der olje og gass er mindre dominerande, blir internasjonal handel og investeringar berre endå viktigare. Låg stabilitet og eventuelle innstramingar i verdshandelen vil difor vere svært uheldig for norske verksemder.

Dei kommande brexit-forhandlingane, Trump sin handels- og utanrikspolitikk, debatten om EØS i LO, FrP og kanskje Stortingsvalet til hausten, utgjer sentrale utfordringar. Det skal dessutan vere val i bl.a. Frankrike og Tyskland i år, og resultata av desse vil også spele inn. Norge si normalisering av forholdet til Kina kan på den andre sida representere nye mulegheiter. Vi er med andre ord på terskelen til eit ganske usikkert år med tanke på kva handelspartnarar og mulegheiter vi skal kunne rekne med i åra framover. Dette samstundes som vi veit at næringslivet, og ikkje minst den eksportretta delen av næringslivet, langt på veg er avhengig av stabilitet for å kunne satse og drive optimalt.

Det som har skjedd på den internasjonale arenaen i 2016 har ikkje minst vist at det er behov for å synleggjere betydninga av god marknadstilgang og føreseielege rammer for bedriftene. Det er behov for å styrke den felles forståinga av kva betydning EU sin indre marknad har for norske verksemder, og jobbe aktivt for å redusere den gryande misnøya kring EØS-avtalen i einskilde miljø. Oppslutnaden om EØS-avtalen kan ikkje lenger takast for gitt. Den må argumenterast og kjempast for.

 Av regiondirektør Jan Atle Stang, NHO Sogn og Fjordane.




Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon (Desken, Event og internkommunikasjon)

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419