Ewos Florø - eit fyrtårn i bransjen

I førre veke besøkte NHO Sogn og Fjordane ved reg.dir Jan Atle Stang og prosjektleiar Heidi Skorpen Ewos sin fôrfabrikk i Florø. Fabrikksjef Rune Ryland tok oss med på ei reise frå starten i 1989 fram til i dag. I fjor feira fabrikken sitt 25-års jubileum.

På bilete er fabrikksjef Rune Ryland i hyggeleg passiar med reg.dir Jan Atle Stang.

Publisert 01.07.15

Sogn og Fjordane

Ewos Florø er Norges største og verdas mest moderne anlegg i sitt slag og ligger vegg i vegg med flyplassen i Flora Kommune. Bedriftsområdet består av rundt 20 bygg og silobatteri, og er på ca. 60 000 kvadrat, tilsvarande åtte-ni fotballbaner.

Ewos er i ein krevjande bransje som heile tida er i utvikling. Fabrikken i Florø har vist veg og vore leiande i utviklinga, og er på mange måtar eit fyrtårn i bransjen.

- Når vi produserar fiskefôr, produserer vi mat, seier Ryland.

Når vi produserar fiskefôr, produserer vi mat, seier Ryland.

Fôret dei lagar skal dekkje alle behova fisken har for næringsstoff – gjennom livsløpet sitt frå yngel til slakteferdig fisk. Produksjonen krev omfattande kunnskap om fiskehelse og fisken sitt livsløp. I samarbeid med avdeling for forsking og utvikling klarer dei å lage fôr som gjer at fiske utviklar seg på ein best muleg måte. Alle råvarer blir testa og godkjent før bruk, og dei har heile tida høgt fokus på berekraftig bruk av naturressursar.

Videre påpeiker Ryland at Ewos er eit bedrift som tenker globalt og handlar lokalt. - I Florø har vi ein underskog av dyktige underleverandørar, og desse er konkurransedyktige, lojale og stiller opp for oss, og er ein av våre suksessfaktorar seier fabrikksjefen.  Med andre ord er kjøp av lokale varer og tenester til gjensidig glede for fabrikken og lokale leverandører i kommunen og fylket.

På fabrikken er det eit mangfald av kvalifikasjonar og kompetanse for å halde den dagleg drifta i sving. Det er 70 tilsette i Ewos Florø i tillegg til 12 lærlingar innan for ulike område samt 10-15 sesongarbeidarar.

Ewos Florø produserer om lag 320.000 tonn fôr i året noko som blir mat til mykje laks. Produksjonen dekkjer då nesten halve middagsbehovet for heile Norges befolkning frå Florø.