Farleg å sette EØS-avtalen i spel!

Brexit, Trump og proteksjonistiske holdningar har lenge prega avisoverskriftene i internasjonal og nasjonal presse.

#205

EU Fotograf: iStockPhoto

Publisert 15.05.17

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Dette er døme på ein ny trend som trugar og skaper skepsis rundt globalisering, internasjonal handel og EU-samarbeid. Dette kjem også til utrykk på heimebane i debatten rundt EØS-avtalen og gjennom einskilde parti og rørsler som ønskjer å «reforhandla» og i verste fall seie opp heile avtalen. Dette er det viktig å forstå konsekvensane av.

Tysdag 2. mai er det 25 år sidan EØS-avtalen blei signert, med det føremål å gi norske bedrifter fri tilgang til EUs indre marknad. Dette er ein unik avtale som har enormt stor betyding for norsk næringsliv og som bidreg til å sikre norske arbeidsplassar og norsk velferd. 25-årsjublileumet er ein fin anledning å minne om eit par ting:

Vår velstand er avhengig av handel. Som eit lite land med ein open økonomi er vi meir avhengig av andre land og andre menneske enn nokon gong tidlegare. Og EU er vår største marknad. 80 prosent av norsk eksport går til EU og 60 prosent av norsk import kjem frå EU-land. I tillegg er det verd å nemne at to tredeler av norske bedrifter sine investeringar i utlandet blir gjort i EU-land, og tilsvarande kjem to tredeler av utanlandske investeringar i Norge frå investorar i nettopp EU. 

EØS-avtalen gjer handelen enklare og set vårt forhold til EU inn i eit fast system. Spelereglane er like og norske bedrifter får delta og selt sine produkt/tenester på tilnærma lik linje med europeiske bedrifter. Vi er 5 millionar menneske i Norge. EU består av 500 millionar. EØS gir dermed norske bedrifter 100 gonger så stor marknad. Dette seier noko om kor stor betyding EØS-avtalen har for vårt nærings- og samfunnsliv. Vi har ikkje råd til å spele den vekk på populismens alter. Vi har ikkje råd til å stå åleine!

Ein stabil og sikker tilgang til den indre marknaden er heilt sentral for næringar som driv eksport av gode, norske produkt. I siste kvartalsundersøking frå NHO svarer 9 av 10 eksportbedrifter på Sør-Vestlandet at EØS-avtalen er viktig for deira bedrift. Næringslivet i Sogn og Fjordane er variert og eksportretta. Her i fylket har vi fleire bedrifter som lever av eksport – til dømes innan metall, fisk, produksjon av klede og teknologi.

Eit eksempel er Paneda DAB AS i Selje som utvikla teknologi for bruk av DAB-radio i tunnelar. Berre i Norge skal omkring 500 tunneler oppgraderast til DAB, ettersom FM fasast ut. Behovet i Europa er også stort og bedrifta har store planar om å ta DAB-teknologien ut i verda. Skal dei kunne gjere det er dei heilt avhengige av tilgang til ein stor, fri marknad; like konkurransevilkår og felles reglar som ikkje er hefta av handelshindringar. Bedrifta vil satse på eksport av DAB-teknologi og har eit nisjeprodukt som har potensial til å bli det føretrekte nødmeldingssystemet for heile Europa. Det er synd om fråværet av ein solid og god handelsavtale, som EØS-avtalen er, skulle hindre dei mulegheiter Paneda DAB har framfor seg i åra som kjem.

Det å «reforhandle» EØS-avtalen, vil bety at avtalen vi har i dag må seiast opp. Det er vanskelig å førestelle seg at vi får tilbake ein avtale som er like god, og det er difor svært uklokt å reforhandla noko ein ikkje veit resultatet av anna enn at det får svært negative konsekvensar for mange bedrifter og lokalsamfunn. 

Det som har skjedd på den internasjonale arenaen har vist at det er behov for å synleggjere betydinga av god marknadstilgang og føreseielege rammer for bedriftene. Det er enormt viktig å synleggjere og forstå kor avgjerande dagens EØS-avtale er for Norge og for norske bedrifter. Ei oppseiing av EØS-avtalen eller ei såkalla reforhandling vi ikkje kjenner utfallet av, vil kunne sette kjeppar i hjula for vidare mulegheiter, vekst og arbeidsplassar for framtidsretta lokale bedrifter. Vi må slå ring om EØS-avtalen for å fremme samarbeid og for å sikre norske bedrifter tilgang til vår viktigaste marknad i 25 år til, minst.

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Geir Gjørsvik, adm.dir. Paneda DAB AS