Ferjefri E39 for heile Vestlandet

VG skriv 7. januar om ei ny analyse gjort av Handelshøgskulen BI og professor Torgeir Reve, som tar for seg dei næringsøkonomiske effektane av utbygginga av veg på Vestlandet og ferjefri E39. VG vil ha det til at" analysen vil gi jubel i Haugesund, Stavanger, Bergen og Ålesund - men ikke i Sogn og Fjordane."

Publisert 09.01.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Jan Atle Stang, Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane 

Først og fremst er analysen godt nytt for ein samla Vestlandsregion. Dei sju utbyggingsprosjekta frå Boknafjorden i sør til Halsafjorden i nord vil, som analysen viser, utløyse ulike effektar og synergiar for byane og marknadane som blir binda saman. Hovudfokuset bør likevel vere på korleis eit samla løft av infrastrukturen på Vestlandet gir store gevinstar og mulegheiter for heile Vestlandsregionen.Det er totalen som tel, og dersom ein trailer skal frå Bergen til Ålesund må også E39 gjennom Sogn og Fjordane prioriterast, dersom transportkorridoren skal bli effektiv.Tala frå BI viser at utbygginga langs kysten er ei naudsynt investering, som vil gje eit stort løft for eit samla næringsliv. Eit slikt løft vil både utvikle det eksisterande næringslivet, og opne for ny og framtidsretta næringsaktivitet.

Analysen estimerer dei økonomiske effektane av at jobbmarknader blir bunde tettare saman. Det kan ikkje overraske nokon at effektane vil vere størst kring dei store byane, der større marknader kjem nærare kvarandre, slik tilfellet er i Stavanger, Haugesund, Bergen og Ålesund. I Sogn og Fjordane manglar vi dei store byane og dei store næringsklyngene, per dags dato. Men om ein ser 10 år fram i tid vil både kommunestruktur og næringsstruktur kanskje vere annleis, dersom vi "styrer rett", og dermed vil ein slik analyse kunne slå betrakteleg meir positivt ut også for lønsemda av prosjekt kring Sognefjorden og Nordfjorden. Vidare bør ein òg ta i betraktning synergiane som oppstår når Sogn og Fjordane blir meir mobilt, og dermed også eit meir attraktivt fylke for næringsetablering og tilflytting.

Med ambisjonar om at vi også i fjordfylket skal utvikle effektive bu- og arbeidsområde, er ein moderne og potent infrastruktur heilt vesentleg. Morgondagens næringsliv og samfunnsliv set nemleg endå tøffare krav til mobilitet, og NHO vil difor jobbe hardt for å få på plass ferjefri E39 så kjapt som råd er.

For NHO Sogn og Fjordane er det først og fremst god og sikker veg mellom fjordane som har førsteprioritet. Vi meiner difor at tunnelen gjennom Utvikfjellet ikkje bør henge saman med fjordkryssinga i indre Nordfjord. Desse prosjekta må sjølvsagt begge komme på plass, men bygging av tunnelen må startast først. Med den naudsynte utbygginga som skjer på Austlandet, med firefelts veg og intercitytog, er det også viktig at politikarane prioriterer eit skikkeleg samferdselsløft langs E39. Dette vil gi vinst og jubel på heile Vestlandet – Sogn og Fjordane inkludert.