Flytrafikken under hardt press også i Sogn og Fjordane

Flytrafikken fall betydeleg i fylket vårt i 2015. Ei ny flyseteavgift kombinert med kommersialisering av Florø Lufthamn vil kunne true samferdsletilbodet i fylket og skade næringslivet.

Publisert 11.02.16

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Under budsjettforhandlingane i desember blei det kjent at dei fire partia Høgre, FrP, KrF og Venstre ville innføre ei ny flyseteavgift på 88 kr. inklusive moms frå 1. april i år. Konsekvensane var det ingen som hadde tatt seg tid til å tenkje igjennom.

Økonomien i Sogn og Fjordane har klart seg rimelig godt gjennom krisa som råka heile Kyst-Norge, men det er ingen grunn til å tru at ikkje ringverknadene vil komme også til oss. For næringslivet langs kysten er flytrafikken den viktigaste samferdsleåra.

Avinor sin statistikk for 2015 viser ein nedgang i innanlands passasjertal ved Florø Lufthamn på 12,7 prosent, Sogndal er ned 7,7 prosent, medan nedgangen i Førde var på tre prosent.  Florø Lufthamn merkar altså nedgangen i Nordsjøen godt.

Ei auke i prisen på flyreiser med i gjennomsnitt ti prosent, som følgje av den nye flyseteavgifta, er venta å ta vekk ytterleg fem prosent av flytrafikken. Det er mykje og vi må rekne med at flyselskapa etter kvart vil innstill ruter og dermed reduserer eit viktig tilbod endå meir. Det vil vere dramatisk.

Flyplassar bind folk saman og er ein føresetnad for vekst i store deler av næringslivet:

  • Auka handel med varer og tenester i ei rekkje bransjar p.g.a. auka marknadstilgang
  • Det er større investeringar i område med gode flyforbindelsar
  • Betre flyforbindelsar er ein viktig føresetnad for auka turisme
  • Flyforbindelsar skaper føresetnader for større marknader og gir      stordriftsfordelar i industrien.

Statistisk analyse viser at ei auke i flytilbodet på ti prosent gir ei auke i BNP på 0,5 prosent. 0,5 prosent av fastlands-BNP er 12 milliardar kr. og tilsvarar i overkant av 12.000 nye arbeidsplassar. Ikkje berre veks talet på reisande når økonomien veks, men eit betre flytilbod fører også til auka økonomisk vekst.

I tillegg er det slik at rutene som får statsstøtte ikkje skal få denne passasjeravgifta. Det gir rare utslag også i vårt fylke:

Om du t.d. skal til Bergen og kan velje mellom å bruke Førde eller Florø, vil det no kunne spare på å reise til Bringeland, for då slepp du avgifta. Skal du frå Bergen til Florø, vil det lønne seg å ta flyet som skal til Førde men som mellomlandar i Florø, der du kan "hoppe av".

Å kalle forslaget om ei ny flyavgift for ei miljø- eller klimaavgift er også ei stor mistyding. Flytrafikken er omfatta av EU sin handel med CO2-kvotar, som vil bli redusert med 43 prosent innan 2030. Dette er altså ein del av utsleppa, der Stortinget har gitt marknaden ansvaret for å finne ei løysing. Norske politikarar sitt ansvar i klimapolitikken er å treffe tiltak overfor dei sektorane som ikkje er omfatta av kvotehandelen. Ei grundig handsaming av dette ligg framleis i Grøn skattekommisjon frå desember i fjor.

Sett på spissen kan vi flyge så mykje vi vil i Europa utan at det påverkar klimaet, fordi kvotehandelen syter for at kutta blir tatt der dei er billigast. Men vi må ikkje skyte oss sjølve i foten no, ved å gjennomføre straffeeksersisar som berre råkar oss sjølve. Vi treng i staden tiltak som skaper optimisme og mulegheiter.

Framlegget om ny flyavgift kom på bordet for å skaffe 1,1 milliardar til statskassen i 2016. Det burde ikkje vere vanskeleg å finne mulegheiter for kutt eller å auke inntektene frå eksisterande postar, framfor å introdusere endå ei ny avgift, som vi risikerer å aldri bli kvitt.

NHO Sogn og Fjordane ber om at stortingsbenken vår bidreg til ei konstruktiv løysing og finn eit alternativ til denne flyavgifta. Stans avgifta medan det ennå er tid!

Jan Atle Stang,
Reg.dir, NHO Sogn og Fjordane.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419