Fondet må nyttast til å skape nye verdiar

Verdiar skapt av næringlivet må gå til å skape nye verdiar i næringslivet.

#205

Styreleiar i NHO Sogn og Fjordane og dagleg leiar i Norsk Bergsikring AS. Fotograf: Norsk Bergsikring

Publisert 27.09.16

Sogn og Fjordane

Innlegg av styreleiar i NHO Sogn og Fjordane, Roy Sævik. 

Nyleg har fylkesordførarane (med sine forhandlingsutval) i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland forhandla fram ein intensjonsavtale om ein ny og stor vestlandsregion. Dersom det som kjem fram i media er korrekt, verkar avtalen spennande og noko å gå vidare med.

Det har også kome fram at Sogn og Fjordane har forhandla fram eit eige fond på 1,5 milliardar kroner som skal forvaltast av den nye regionstyrelsen, men der midlane skal vere øyremerka bruk i Sogn og Fjordane. Vi kjenner ikkje heilskapen i avtalen godt nok til å kommentere den, men vi vil gje honnør for at ein har fått til eit slikt fond. Dette kan gje mulegheiter framover, vel og merke dersom fondet blir brukt til å stimulere til ny vekst og økonomisk verdiskaping i «gamlefylket».

Bakgrunnen for fondet skal i hovudsak vere salet av fylkeskommunen sine betydelege verdiar i Fjord1, men vi ser også at sal av eventuelle kraftaksjar kan bli ein del av fondet. Uansett er dette verdiar som fylkeskommunen har forvalta, men som er skapte av lokalt næringsliv.

Styret i NHO Sogn og Fjordane ser difor fram til at dette fondet kan nyttast til å skape nye verdiar gjennom det private næringslivet i fylket, både ved å legge til rette for nyetableringar (gründerskap) og verdiskaping/nyskaping i eksisterande verksemder (organisk vekst).

Ei satsing på FoU som igjen kan generere næringsaktivitet, bør også kunne tildelast fondsmidlar. Vi er no midt inne i ei tid der den teknologiske utviklinga krev smartare, raskare samt meir globale og framtidsretta løysingar, og dette bør avspegle seg i bruken av fondsmidlane.

Utviklinga av robotteknologi, miljøteknologi og velferdsteknologi er berre nokre døme på kva som ventar oss og som næringslivet i vårt fylke også må kunne ta del i for å skape vekst og nye arbeidsplassar. Midlane frå fondet bør dessutan komme som tillegg til allereie eksisterande verkemiddel (til dømes næringsfonda), altså som ei ekstra vitamininnsprøyting.

Vi trur dessutan at ein vil tene på at midlane som fondet representerer blir forvalta av eit profesjonelt forvaltningsmiljø. Eit så stort fond vil, med profesjonell forvaltning, kunne generere ei solid avkastning kvart år. Ein stor del av avkastninga bør som sagt kunne brukast til å stimulere ny vekst og utvikling gjennom støtte til nyskaping i fylket, medan ein mindre del av avkastninga kan gå inn att i fondet og styrke det ytterlegare. Som representant for det private næringslivet i fylket, har NHO Sogn og Fjordane eit sterkt ønskje om å bli involvert i den vidare prosessen med å drøfte både kor stor del av overskotet som bør nyttast og retningsliner for korleis midlane skal nyttast.