Frå 428 til 77 kommunar

NHO lanserer i desse dagar eit nytt Norges-kart, der tal kommunar i landet er redusert frå 428 til 77. I Sogn og Fjordane vil vi ha att fire kommunar, og Gulen er "gitt" til Hordaland.

Nytt kommunekart for Sogn og Fjordane Illustrasjon: Hyper AS

Publisert 14.08.15

Sogn og Fjordane

Kommunereforma har blitt tatt seriøst ved NHO sine regionkontor og ein har rigga nye kommunar som skal vere levedyktige i ein halv mannsalder. 

GK Norge om behovet for større kommuner

77 kommunar vil løyse oppgåvene betre enn dagens 428. Både for bedriftene og for innbyggarane. Dagens kommunekart er tilpassa forholda vi hadde for 50 år sidan. NHO ønskjer større og sterkare kommunar som er betre rusta til å møte næringslivet sine behov. Ein kommunesektor som ikkje har endra seg sidan 60-talet er også ei fare for demokratiet.

 I dag stiller bedrifter og innbyggjarar større krav til kompetanse og koordinering. Bu- og arbeidsmarknadsregionane har utvida seg dei siste åra, mens kommunegrensene har lagt fast. NHO ønskjer større samsvar i høve til kva ein bu- og arbeidsmarknadsregion bør bestå av. Dagens mange småkommunar gir unødvendig byråkrati og det blir for vanskeleg å sjå areal-, bustad,- og transportpolitikk i samanheng.  

Mange bedrifter driv si verksemd på tvers av kommunegrenser. Dei må halde seg til mange ulike areal- og planregimer og tekniske etatar. Dette gjer prosessar meir tidkrevjande og uforutsigbare. 

Det skal framleis vere fint å bu i heile landet, og kommunereforma handlar om å skape meir slagkraftige kommunar – ikkje å legge ned lokalsamfunn. 

Opinion har på oppdrag frå NHO gjennomført ei undersøking blant landets ordførarar og rådmenn. Det er stor semje blant ordførarar og rådmenn om at det er behov for endringar i kommunestrukturen. Jo større kommunen er (målt i folketal) jo meir positiv til samanslåing. Rådmenn er noko meir positiv enn ordførarar. Av fordelar med samanslåing trekkjer dei først og fremst fram følgjande: 

  • Auka mulegheiter for å tiltrekke/behalde kompetansen i kommunen.
  • Auke i handle- og påverkingskraft
  • Betre mulegheiter for å sjå areal- og infrastruktur i samanheng (bustad, transport, etc).  

Av hindringar trekkjer dei fram: for svake insentiv frå sentralt hold og motvilje i nabokommunar. 

Nesten alle (9 av 10) melder at dei deltar i eller vi starte opp konkrete dialogar med nabokommunane. Kommunale leiarar melder om redusert motvilje i eigen kommune samanlikna med tidlegare. Dette tyder på at prosessen med å sikre strukturendringar kringom blir handtert godt så langt. 

 Fem grunnar til større og sterkare kommunar:

  • EFFEKTIV OG MILJØVENNLEG AREALBRUK: Større kommunar gjer det lettare å sjå areal-, bustad- og transportpolitikk i samanheng, og løyser dermed nokre av vår tids store problem knytt til presstendensar (bustad- og arealpolitikk) og miljøproblem (transport) i byane.
  • BEDRE SAKSHANDSAMING OG AUKA RETTSTRYGGLEIK: For bedriftene er det innlysande at færre kommunar også betyr færre kontaktpunkt og raskare prosessar, i tillegg til betre kompetansemiljø i kommunane.
  • FÆRRE KONTAKTPUNKT OG MEIR HEILSKAPLEG PLANREGIME: Mange bedrifter driv verksemd på tvers av kommunegrensene, og må såleis halde seg til fire ulike areal- og planregimer og fire ulike tekniske etatar. Dette gjer det vanskeleg for bedriftene å planlegge heilskapleg og effektivt. Sidan desse kommunane har ulike rammer som bedriftene må halde seg til, blir prosessane mei tidkrevjande og uforutsigbare.
  • ROBUSTE KOMMUNAR: Ein større kommune vil gi større handlingsrom og drive politikk innanfor. Dei har større mulegheiter til å prioritere det som er viktig for verdiskapinga lokalt. 
  • EFFEKTIV RESSURSBRUK: Større kommunar gjer det lettare å drive effektivt og å sikre betre bruk av arbeidskrafta lokalt. 

NHO har no altså laga eit nytt kart for heile landet, med 77 kommunar. NHO har tatt utgangspunkt i bu- og arbeidsmarknadsregionar, ofte fortolka som utvida økonomiske regionar. Kriterier som særleg er lagt til grunn er pendlingstal og sentralitet, men òg til ein viss grad sett i høve til geografisk plassering (for å unngå at nokon isolerte kommunar ikkje inngår i ein ny kommune) og faktiske samarbeidsrelasjonar (IKS, næringssamarbeid osb.) NHO Sogn og Fjordane har ikkje tatt omsyn til fylkesgrenser, difor er Gulen blitt ein del av Hordaland, noko vi trur både kommunens næringsliv og politikarar er nøgde med. Tett næringssamarbeid med kommunar i Hordaland har Gulen allereie inngått.  

Det er viktig at dei minste kommunane ikkje blir bremseklossar for andre kommunar med større befolkning og meir næringsliv. Norge treng større og meir slagkraftige kommunar over heile landet. Dei store regionane kjem til å bli større og då er det viktig at vi ikkje sit igjen med mange små kommunar som sakkar akterut. Har må kommunane i Sogn og Fjordane kjenne si besøkstid! Det er viktig for lokalpolitikarane å huske på at den som går først om bord i båten får den beste plassen.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419