Frå Florø til Silicon Valley

Silje Vallestad frå Florø grunnla Bipper i 2008. I 2012 flytta ho til Silicon Valley for å utvikle selskapet vidare. No kjem ho på heimebesøk for å fortelje om sine prosjekt på IT-forumkonfarnsen i Førde 1. og 2 oktober

Publisert 16.09.14

Sogn og Fjordane

Bipper sin ide var å å gje folk”peace of mind” gjennom å gjere mobiltelefonar til reiskap for auka tryggleik. Utgangspunktet var at foreldre kunne ha ein kontroll med sine barn gjennom gps-overvaking. Sjølv om dette vart gjenstand for debatt står Vallestad fast på at folk kjem til å bruke slike reiskap for auka tryggleik.
Bipper har vunne fleire internasjonale priser, og nyleg vart Vallestad utnemd som Young Global Leader av World Economic Forum. Ho er også trekt fram som ein av dei 20 fremste businesstenkjarane i Norden for 2014. (Top20 Nordic Business Thinkers).


Nils og Ronny – programleiarar og kaospilotar.
Nils og Ronny er velkjende for det norske publikum, spesielt frå tv-seriane «Walkabout». Dei skal bidra i konferansen både som programleiarar, og med eige underhaldningssow om kvelden første konferansedagen.



Velferdsteknologi, leverandørnettverk og breiband.
Dette er dei tre tema på årest konferanse.
Fredrikstad kommune satsar på velferdsteknologi, og har ma bygd ei eiga visningsleiligheit. Ulf Harry Evensen kjem til konferansen for å presentere denne, og korleis dei satsar på denne typen teknologi. Utvikling av stadig nye  teknologiske løysingar gjev folk høve til å bu heime lenger enn dei ellers ville gjort. Ein stadig eldre befolkning aukar behovet for helse og omsorgstenester, bruk av teknologi kan vere av stor verdi både for brukarane, og ved at det reduserer presset på helse og omsorgstenestene.
Eid  og Flora kommune vil, saman med Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane, ha eit eige programpunkt som gjeld status og behov for dette i kommunane.

20 gongen konferansen vert halden.
20 årsjubilanten presenterer meir enn 20 gode programpunkt, og tilbyr vidsyn med vegvisarar  utanfrå. På konferansen kan du treffe andre, utvide nettverket ditt og la deg begeistre av ny kunnskap.


Breibandseminar.

På slutten av dag 2 vert det eige seminar om breiband. Sjå programmet.

Sjå også: Facebook - Nettside

Meir informasjon, intervju eller kommentarar:
Styreleiar i IT-forum Sogn og Fjordane
Jan Heggheim
jan.heggheim@sfj.no
Tel: +47 905 66 623