Frå garasje til ny fabrikk

Kjetil Hovland starta gründerverksemd i garasjen si i mars 2008. 21. mai i år opna han ein flunkande ny fabrikk i Gaupne.

Kjetil Hovland jobbar stødig med strategi, marknad, rekruttering og opplæring i eiga bedrift.

Publisert 23.06.15

Sogn og Fjordane

Det var ei storslagen opning då Digital Etikettgründeren opna nytt, flott fabrikkbygg på Grandane i Gaupne i mai. Kring 100 inviterte gjester var møtt fram for å "inspisere" den store trebygningen, og for å høyre hardrockbandet "Skambankt" spele på plassen utanfor.

Artikkelen held fram under bildet: 

Har berre gått ein veg

Etter å ha budd i Oslo og andre stader i fleire år flytta Hovland tilbake til Luster og Gaupne for så å starte opp med småskala etikettproduksjon i garasjen si i mai for sju år sidan. Etter det har det berre gått ein veg, oppover. Garasjen blei for lita og han måtte finne andre lokalitetar. Først leigde han tre andre garasjar, men også det blei for kummerleg. Til slutt var det berre ein ting som dugde; eigen, ny fabrikk.

Og sjølv om det har vore hardt arbeid, stram styring og mange timar på jobb, kan Hovland no vise til ei bedrift i rask vekst, og som tener pengar.

- Vi har no ti tilsette og kjem til å auke til 12 etter sommaren. Mellom anna tilset vi ein salgs- og  marknadsrepresentant på vestlandet/Rogaland frå høsten. Vi har hatt 46 prosent vekst i år i høve til i fjor, og trur på framleis vekst, seier Hovland. 

Mange kjende namn på kundelista

I 2014 omsette bedrifta for 20 millionar kroner og hadde ein driftsmargin på heile 21 prosent. Og for inneverande år ligg Digital Etikett AS an til ein omsetnad på 30 millionar.

- Vi jobbar stødig med strategi, marknad, rekruttering og opplæring i eiga bedrift. Vi har ein spesialisert produksjon som gjer til at alle som skal jobbe her må ha intern opplæring, seier han.

På kundelista står mange kjende namn. Saft- og syltetøyprodusenten Lerum, sjuke- og helseartikkelprodusenten Farmatek, bryggeria Nøgne Ø, Ægir og Kinn Bryggeri, er blant dei mange etikettkundane. I tillegg fekk Digital Etikett AS nyleg oppdrag for malingsgiganten Jotun, som no skal ha pålimte etikettar på malingsprodukta sine i staden for å trykke direkte på boksar og spann.

Det er eit eventyr med så mange flinke tilsette og så gode kundar på lista, seier Kjetil Hovland, som også presiserer at han og fleire andre bedrifter i Luster kvar dag beviser at det er muleg å etablere seg og drive business i Distrikts-Norge.