Delta på karrieremesser - fortsatt muleg om du er rask

Rekruttering er eit viktig tema for utvikling og vekst i Sogn og Fjordane.

#205

#120 Fotograf: Framtidsfylket

Publisert 16.01.17

Sogn og Fjordane

Årleg arrangerer næringslivet i Sogn og Fjordane eigne karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. Omlag 1200 deltakarar er venta til messene i 2017! Bakgrunnen for at Framtidsfylket har skipa til eigne arenaer er enkel – i lag får vi vist fram breidda i karrieremulegheiter betre! Folk som vil ha jobb ser gjerne etter jobb til både seg sjølve og partnaren, og då må vi syne det mangfaldet i vårt spennande næringsliv.    

 Nytt høve til å vise fram bedrifta di!

Framtidsfylket sine karrieremesser er no:
Trondheim 26 januar
Oslo 2 februar
Bergen 15 februar

 Påmelding og meir informasjon finn du ved å trykke her.  

For spørsmål ta kontakt med:
Framtidsfylket v/ Gro Rukan
Tlf. 91 32 13 92 eller gro@framtidsfylket.no