Framtida vil krevje meir av oss

I digitaliseringa sin tidsalder må alle arbeidstakarar løfte kompetansen sin. Norge treng difor fleire kreative realistar og teknologar for å lukkast i framtidas arbeidsliv.

Publisert 05.01.16

Sogn og Fjordane

Det bør ikkje kome som noko sjokk at arbeidslivet i aukande grad vil bli prega av digitalisering og automatisering. Det betyr at folk, prosessar, intelligente IKT-system og fysiske omgjevnader blir kopla saman og kan samhandle på heilt nye måtar. Jobben til kvar tredje nordmann kan bli erstatta av ein robot innan 2030, spår Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Dei nye teknologiane byr altså på enorme mulegheiter for næringslivet. Digitalisering kan bidra til å løfte produktiviteten og vi kan skape større verdiar med færre folk. Dermed kan vi også hevde oss betre i ein stadig tøffare internasjonal konkurranse.

Vårt aller største konkurransefortrinn har så langt vore høg kompetanse, eit lærande arbeidsliv, sjølvstendige arbeidstakarar og god teknologisk forståing i arbeidsstyrken. Men det nye nærings- og arbeidslivet vil stille endå større krav enn tidlegare til solid kompetanse i teknologi- og realfag. Utfordringa vår er at samanlikna med andre europeiske land har Norge relativt få studentar innan desse faga (ref. illustrasjon).

NHO Sogn og Fjordane meiner at for å lukkast med å heve kompetansen innan teknologi og realfag krevst det at desse faga blir prioriterte på alle nivå i utdannings- og forskingssystemet. Konkret inneber dette at det må løyvast 50 millionar til forsterka satsing på bruk av digitale læremiddel i etter- og vidareutdanning av lærarar. Om ikkje risikerer vi å bli ein nasjon av digitale sinker fordi alt for mange lærarar manglar digitale ferdigheiter.

IT-Forum i Sogn og Fjordane har nyleg fått løyving frå regjeringa til å utvikle ei næringsretta IT-utdanning der bedriftene er med på å gje innspel til korleis studiet bør utviklast. Dette er eit godt og viktig grep for å sikre at framtidas arbeidskraft har rett kompetanse.

Born må også få gode digitale lærevanar tidleg. Det må difor vere god tilgang på IKT-verktøy på alle skular, og undervisninga bør baserast meir på nettbasert læring enn fysiske lærebøker. I dag har altfor mange skular utdatert utstyr som ikkje gir ei god nok yrkesutdanning.

NHO meiner at det må løyvast 100 millionar i årlege investeringar for å sikre at elevane i heile landet lærer å bruke den teknologien dei vil møte i arbeidslivet. For mykje av utstyret som i dag blir brukt i yrkesopplæringa står til stryk og gjer framtidas fagarbeidarar, og dermed framtidas industri, dårlegare rusta til å møte utviklinga. 

NHO meiner dessutan at for å få fleire unge til å velje teknologi og realfag, må denne gruppa få høgare stipenddel frå Lånekassa enn andre.Vi meiner også atfleire jenter må stimulerast til å velje teknologi- og realfag, t.d. gjennom rekrutteringsprosjekt som NHO sitt "Jenter og teknologi".

Dobbelkompetanse vil også stå sentralt i framtida. Vi må kunne meir enn berre eitt fag, vi må også vere gode på det maskinene ikkje kan, nemleg samhandling, kreativitet og omsorg, for å nemne noko. Difor må det leggjast til rette for at teknologi- og realfag i større grad kan kombinerast med andre fag.

 Vi kan få ein ny gullalder for norsk næringsliv. Vi har alle føresetnader for å vere i front, men då må det vere politisk vilje til å satse på kompetanse og industriell utvikling.  

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419