Frukostmøter om eigarskifte

Eierskiftealliansen i Sogn og Fjordane & Hordaland arrangerer frukostmøter i Sogndal og Stryn for å informere leiarar av små- og mellomstorebedrifter om eigarskifte.

Publisert 02.10.15

Sogn og Fjordane

Høyr ulike innleiarar fortelje om sine erfaringar som gründer, eigar og investor knytt til oppstart, utvikling samt kjøp og sal av bedrifter.

Nokre av problemstillingane som blir presentert på møta er:

  • Kva utfordringar møter gründer når selskapet skal vekse og kapitalbehovet aukar?
  • Korleis legge grunnlaget for vekst og fornying ved sal eller kjøp av bedrift?
  • Korleis planlegge sal og eksponere seg slik at ein finn "rette kjøparen"?
  • Kva legg kjøpar vekt på? Korleis legge grunnlag for vekst og utviding av verksemda gjennom samarbeid med andre investorar og eigarar?
  • Kva utfordringar må handterast når ein skal gå gjennom gode generasjons- og eigarskrifte i tide.
  • Kva er bedrifta verdt, og korleis finne "rett" verdi og planlegge for ein vellukka exit?
  • Kva kan eigarskifte bety for drifta av selskapet, og kva plass har det i eigaren og investorane si forvaltning av verdiar?
  • Kva risikovurderingar har ulike eigarar og investorar?

Høyres dette interessant ut?
Les meir om dei aktuelle frukostmøta nedafor:
Frukostmøte i Sogndal 27.oktober.
Frukostmøte i Stryn 29.oktober.