Gå for aust-vest over Hemsedal

REGJERINGA HAR som kjent landa på at E134 Haukeli skal vere ein av dei to austvest-korridorane. Den andre korridoren står no mellom rv52 Hemsedal og rv7 Hardangervidda. Det skal no gjerast ei konsekvensutgreiing (KVU) av rv52, noko Statens vegvesen alt er i gang med.

Foto: istock

Foto: istock

Publisert 27.01.16

Sogn og Fjordane

 VI VEIT alle at dragkampen om kva alternativ som skal veljast har vore og er hard, og vi har registrert at einskilde også har kome opp med andre alternativ enn dei som departementet alt har sagt er dei aktuelle. NHO Sogn og Fjordane og NHO Møre og Romsdal ønskjer difor å presisere at vi har meint at rv52 Hemsedal er den korridoren aust-vest som tener næringslivet på Vestlandet frå Hordaland til Møre og Romsdal best, og at vi framleis vil kjempe for dette alternativet. Vi minner også om at styret i NHO sentralt har landa på rv52 som det beste alternativet for næringslivet i denne delen av landet.  

FOR NÆRINGSLIVET vårt er det viktig at regjeringa vel to aust-vest-korridorar (Hemsedal og Haukeli) som gir to effektive transportkorridorar som fangar opp trafikk frå både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i nord, samt at E134 fangar opp trafikken frå den sørlege delen av Vestlandet. Næringslivet i Hordaland er i den heldige situasjonen at dei kan velje mellom begge desse traseane, alt etter kor dei er lokaliserte. Det er også viktig å minne om at vegen over Hardangervidda uansett ikkje vil bli stengd!  

DET KAN altså ikkje vere tvil om at rv 52 Hemsedal er det mest strategiske og framtidsretta alternativet ved sida av E134, og som vil gi utviklingsmulegheiter både i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Vi argumenterer ut frå det faktum at det er viktig for NHO sine medlemsbedrifter å velje to transportkorridorar som tener heile Vestlandet inkludert Nordvestlandet i framtida. Mykje av verdiskapinga vil skje i dette området, og transportbehovet, også på veg, vil vere stort. Det ville ikkje berre vere eit paradoks, men også ein skandale, om eit vogntog med laks frå t.d. Sunnmøre måtte køyre om Ustaoset for å komme seg til Alnabru eller Kontinentet ein vinterdag.  

 DET ER også viktig for oss å presisere at valet av heilårskorridor aust-vest ikkje må stoppe arbeidet med å få utbetra vegtilhøva over 

Strynefjellet. NHO Møre og Romsdal, NHO Sogn og Fjordane og NHO Innlandet har i fleire år samarbeidd om å få utbetra tunnelsituasjonen på rv 15, Strynefjellet. Tunnelane er for lengst utdaterte og held ikkje den standard som næringslivet i området treng for å vekse og utvikle seg. Godstransportørar, som t.d. Saga Boats i Selje, slit i dag med tunnelane i dette området, og må ofte køyre lange omvegar for å komme austover med lasta si. Det same opplever bedriftene på Sunnmøre.  

I TILLEGG til å få rusta opp tunnelane på Strynefjellet, har vi også arbeidd for å få eit konsept som opnar for ein framtidig arm mot Geiranger. Mykje av godstransportene frå Sykkylven/Stranda og Søre Sunnmøre brukar Strynefjellet som transportkorridor austover.  

Av: Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane
      Torill Ytreberg, regiondirektør Møre og Romsdal

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419