Gå for næringslivet

I Florø trossa fleire bedriftsleiarar og politikarar stiv kuling og sidelengs regn og stilte i vestlandsbunaden for å 'Gå for næringslivet'.

#205

Kystfolk er friskuser. Fotograf: NHO Sogn og Fjordane

Publisert 04.10.16

Sogn og Fjordane

Gå for næringslivet er ein ny vri på ein møteplass mellom politikarar og bedriftsleiar med eit snev av folkehelse. Her skal man gå ein liten tur, mens ein får mulegheita til å fortelje om bedrifta, næringa og kva saker ein er opptatt av. Alle politikarar ønskjer seg fleire arbeidsplassar i kommunen. Ein kommune utan vekst er ikkje det ein vil oppleve, så korleis kan lokal- og fylkespolitikarar legge til rette for at næringslivet skal kunne vekse og utvikle seg. Dette var nokre av det bedriftsleiarar fekk mulegheita til å gje innspel på.

Førre veke arrangerte NHO Sogn og Fjordane Gå for næringslivet to stader. I Førde var det noko vanskeleg å få politikarane til å ta seg fri på dagtid, så det vart eit ordinært møte på Førde rådhus. Her var ordførar, rådmann og politikarar frå V og AP på lyttesida og var takksam for alle innspel og forslag til korleis dei kunne bli betre som ein tilretteleggjar for næringslivet. Det vart gode diskusjonar der fleire saker vart diskutert, alt i frå liv i sentrum, rekruttering, lærlingar og offentlege prosessar. Næringslivet vil gjerne ha besøk og kontakt med politikarar, samstundes som det er forståing for at ein har ein travel kvardag. Men politikarane streka under at kontakten med næringslivet er svært viktig for dei. 

Premiering må til. Fotograf: NHO Sogn og Fjordane

#205

I Florø var det godt oppmøte frå det politiske miljøet. Høgre, Arbeidarpartiet, Miljøpartiet dei grøne, Samlingslista, Venstre og Framstegspartiet. 9 bedrifter frå ulike bransjar deltok, så det vart ein god miks av politikarar og bedrifter. I Florø var det skikkelege regnbyer på morgonen, i kombinasjon med stiv kuling var vi langt på veg for å avlyse. Men etter ein kort konfrontasjon med lufthamnsjef Siv Merete Stadheim, som også er leiar av turlaget, vart ordtaket 'Det fins ikkje dårleg ver, berre dårlege klede' tatt til etterretning, og vi køyrde arrangementet som planlagt. Kystfolk er jo vant til mykje vær, så dei møtte i passande habitt og tok utfordringa sporty. Då dei verste regnbyene kom var vi heldigvis under tak ved paviljongen som var målet for turen. Alle hadde fått snakka godt med turkameraten og det vart summert opp med at dei gjerne ville delta på liknande arrangement. 

Paviljongen var målet og fungerte godt i regnbyene. Fotograf: NHO Sogn og Fjordane

#205