Gode erfaringer gjennom dialog med næringslivet

Eid kommune er ein nasjonal pilot i program for Leverandørutvikling. Programmet skal syne det offentlege korleis dei kan legge til rette for kommunikasjon med leverandørane og at dei gjennomfører dei beste innkjøpa med morgondagens teknologi og løysingar.

Publisert 08.07.14

Sogn og Fjordane

I mai møtte nær 40 deltakarar på dialogkonferansen, der Eid kommune og andre innleiarar la fram sine behov kring det nye omsorgssenteret dei skal bygge. Dei var ute etter innspel om aktuell teknologi og løysingar knytt til automasjon og velferdsteknologi.  Det er viktig for leverandørane å forstå dei ulike behova og utfordringane knytt til dagleg drift av eit omsorgssenter.  Det var også representantar frå dei tilsette som fortale korleis dei ønskja å nytte ny teknologi i sin arbeidskvardag. Heile konferansen vart filma, og dei som var forhindra frå å møte kunne få tilsendt film og alt av presentasjonar i etterkant.

Etter konferansen har det vore muleg å melde seg på ein til ein møter, der kommunen møter leverandøren for å få innspel om mulege løysingar. Det vart gjennomført 6 ein til ein møter i denne piloten.

Eid kommune skal no utarbeide ein kravspesifikasjon som blir lyst ut i Doffin (database for offentlege innkjøp). Eit av måla med programmet er at kravspesifikasjon blir laga så funksjonell som muleg, det vil sei at den ikkje blir altfor detaljert i beskriving av behova, men at ein lager beskrivingane på eit overordna nivå slik at det blir rom for innovasjon, nye idear og løysingar. Ein ønskjer at det offentlege skal utfordre leverandørane, slik at ein får eit fruktbart samspel mellom innkjøper og leverandør til det beste for begge partar. Vi håpar og at bedriftene nyttar dialogkonferansane til å bli kjent med kvarandre og at det kanskje kan føre til samarbeid for å komme i betre posisjon i eit anbod.

NHO Sogn og Fjordane har stort fokus på denne satsinga no. Vi vil spreie informasjon til kommunar, fylkeskommune og andre innkjøperar om denne metodikken, og håpar det vil føre til ei endring i korleis ein tenker kring innkjøp og metode.

Under er det tre videoar der ordførar i Eid kommune Alfred Bjørlo, prosjektleiar for omsorgssenteret Torfinn Myklebust og dagleg leiar Ove Kjøllesdal fortel om deira erfaringar med dialogkonferansen og metodikken. 

 

 

 

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860
Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949