Godt nytt om skattekutt

NHO Sogn og Fjordane er svært nøgd med høyringsnotatet som regjeringa no har lagt fram.

Publisert 30.07.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Det blir her gjort framlegg om ei endring i reglane kring eigedomskatt på industrianlegg (maskiner, verk og bruk). Produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar blir gjennom framlegget heilt fritatt for eigedomskatt. Dette vil redusere kostnadene og styrke konkurransekrafta til bedriftene.

Endringane vil dessutan gje positiv utteljing både for store og mindre industrianlegg. Dette er også eit viktig element i den omlegginga av skattesystemet som må til for å auke investeringane i Norge.

Vi har forståing for at endringane vil vere tunge for nokre kommunar som har hatt store skatteinntekter frå industrianlegg. Vi meiner likevel at dette ikkje er ei god nok grunngjeving for å la bedriftene halde fram med å betale ein skatt som i dag har ei heilt urimeleg innretning. Vi har klare døme frå vårt eige fylke på bedrifter som med ei anna skatteinnretning ville stått langt sterkare konkurransemessig. Det er viktig for å sikre arbeidsplassar og skape nye.

Slik den kommunale eigedomsskatten er utforma og praktisert i dag skaper den ulike og uforutsigbare vilkår for å drive næring. Kommunane kan i dag legge eigedomskatt på "verk og bruk" kort sagt, produksjonsanlegg. Dei seinare åra har kommunane utvida denne definisjonen og dermed grunnlaget for eigedomskatten. I tillegg går dei særs langt i å rekne maskiner og innreiing som ein del av eigedommen. Kva som skal inngå i skattegrunnlaget blir såleis vurdert på ein skjønnsmessig og lite forutsigbar måte. Arbeidsmaskiner skal t.d. ikkje skattleggast, men blir ofte tatt med i grunnlaget. Det er i stor grad opp til dei einskilde taktsperson kor høg skatten blir. Dette fører ofte til rettstvistar med store kostnadar for alle partar.

Fast eigedom er eit relevant skatteobjekt viss skattesystemet blir lagt om. NHO ønskjer ein ny, heilskapleg eigedomskatt, men dette må henge saman med ei reform der selskapsskatten blir sett ned til 20 prosent og formueskatten blir fjerna. NHO rår difor til at det blir gjennomført ei samla utgreiing av skattlegginga av fast eigedom. NHO vil ha like reglar for eigedomskatt og same retningslinjer for taksering i heile landet. Dette taler for ein statleg eigedomskatt, eventuelt med eit kommunalt element der kommunane har ein viss fridom til å regulere satsen.

NHO meiner at skattesystemet må tilpassast den internasjonale utviklinga og styrke fastlandsinvesteringane. Norge treng ei meir effektiv samansetjing av skatter, frå veksthemmande selskapsskatt til mindre veksthemmande skatt på konsum og bustad. Næringslivet må ha forutsigbare, gode generelle rammevilkår – mindre særordningar (frådrag og unntak). Ein selskapsskatt på 20 % vil styrke investeringane. Vi har behov for ei omlegging frå formueskatt til bustad- og eigedomskatt.  

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419