Gründerprisen 2015

No treng vi hjelpa di til å finne vinnaren av gründerprisen for ungdom 2015. Du kan føreslå både deg sjølv og andre.

Vinnarane av Gründerprisen for ungdom 2014 Sogndal Lodge - Sigrid Henjum og Sander Buene.

Publisert 30.09.15

Sogn og Fjordane

Gründerprisen skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut på fylkestinget i desember.

Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra og må vere lokalisert i fylket.

 Kandidatane vert vurdert ut frå følgjande kriterium

  • Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Det kan mellom anna vere i form av:                    
    -          omsetnad
    -          arbeidsplassar
    -          offensiv nyskaping
    -          teknologisk nyskapande produkt
    -          kommersiell innretting av produkt
    -          utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
    -          funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
  • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
  • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

 Juryen er samansett av representantar frå fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

 Gründerprisen har vorte delt ut årleg sidan 2006. I fjor gjekk prisen til Sogndal Lodge Guiding - Sigrid Henjum og Sander Buene.

Kjenner du til ein ung gründer som oppfyller kriteria og fortener litt ekstra merksemd? Eller er du ein ung gründer som vil søkje om å få prisen?

Frist for å sende inn forslag er 11. november.

 Du kan sende forslaget ditt med informasjon om kandidaten din til Ingvild.Andersen@sfj.no eller:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Næringsavdelinga v/ Ingvild Andersen
Askedalen 2
6863 LEIKANGER