Gründerprisen 2016 til REMB Technologies

Gründerprisen for ungdom 2016 går til REMB Technologies og produktet dei har for dokking av skip.

#205

REMB Technologies. Fotograf: Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Publisert 08.12.16

Sogn og Fjordane

Bedrifta held til i Florø og er starta av gründerane Erlend Bjerck og Robin Madsen i 2014. Gründerane har lang erfaring ifrå verftsindustrien, og god industriell kompetanse er viktig for dette prosjektet.

Dreg nytte av industriklynga
Jakob André Sandal, frå hovudutvalet for næring og kultur, rosa gründerane for å satsa friskt i ein global bransje prega av sterk konkurranse. 

 – Gründerane er lokale florøværingar og har brukt den varierte og solide erfaringa si til å utvikle eit imponerande produkt på heimplassen sin, sa Sandal.

 Juryen legg vekt på at bedrifta har fått til eit produkt med høg grad av innovasjon, og at dei har tatt i bruk dei moglegheitene som ligg i industri-klynga i Florø-området.

 I samarbeid med større aktørar
REMB har også imponert med det breie samarbeidet dei har med etablerte aktørar som Westcon Yard Florø, Kongsberg Innovasjon og TTS Syncrolift.

Ideen har fått brei støtte frå fleire store aktørar som Innovasjon Norge, Flora kommune, Sparebanken Vest og Norges Forskningsråd

 Sjekk frå fylkesordføraren
Prisen gir heider og 50 000 kroner. Etter talen overrekte fylkesordførar Jenny Følling blomar, sjekk og diplom til vinnarane.

Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO Sogn og Fjordane, Fylkesmannen og  Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 For meir informasjon
Jakob André Sandal
hovudutval for næring og kultur
Jakob.Andre.Sandal@sfj.no