Har du hugsa å melde deg på årets karrieremesser?

I januar og februar er det tid for Framtidsfylket karriermesser i Trondheim, Oslo og Bergen? Det er framleis mogeleg å melde på di bedrift.

Framtidsfylket sine karrieremesser er en populær møteplass. Foto: Framtidsfylket AS

Publisert 08.01.16

Sogn og Fjordane

- Karrieremessene i Trondheim, Oslo og især Bergen har etablert seg som eit viktig møtepunkt mellom næringslivet i Sogn og Fjordane og potensielle tilflyttarar. Den er ein framifrå arena for å vise fram kva som finst i fylket, og å knytte nettverk med ungdommar som er interesserte i Sogn og Fjordane, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

 Sogn og Fjordane har eit mangfaldig næringsliv og mange spennande arbeidsplassar å by på. Dessverre er det altfor få som kjenner til karrieremogelegheitene i fylket. Då er karrieremessene ein viktig arena.

 - Vi er overtydde om at mykje handlar om at bedriftene må stikke seg meir fram. Ingen vel det dei ikkje veit om, og som regel er det to personar som skal ha jobb. Difor må vi her i Sogn og Fjordane arbeide godt i lag - synleggjering i fellesskap vil gagne oss alle, seier Rukan.

 Nytt av året er at det blir ein eigen jubileumsmiddag etter messa i Bergen. Her vert det ein betre middag – med rom for nettverking og gode samtalar.

 

Datoar for karrieremesser: 

28.01: Trondheim

04.02: Oslo

10.02: Bergen 

Lenke til påmelding

 

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860