Har du meldt deg på Næringsdagane 2017?

10 og 11.mai er det duka for Næringsdagane 2017 i Loen. Har du ennå ikkje meldt deg på? Det er fortsatt ikkje for seint. Påmeldingsfrist 5.mai.

#205

Gå ikkje glipp av Næringsdagane 2017. Meld deg på i dag!

Publisert 27.04.17

Sogn og Fjordane

Hovudtema for Næringsdagane i år er «Skapt i Sogn og Fjordane – konkurransekraft gjennom det grøne skiftet».
I tillegg til kjende og kunnskapsrike foredragshaldarar som Yngve Slyngstad, Stein Lier-Hansen og Cathrine Pia Lund er det kompetente folk frå eige næringsliv som er med. Lærdal Grønt sin suksess skal forklarast av Harald Mundal, medan Bård Helle Bolstad frå Tine Byrkjelo vil fortelje om deira tilnærming til det grøne skiftet. Andre Høyseth frå Fjord1 deler deira planer for korleis selskapet skal bli grønare. Edgeir Aksnes frå Tibber presenterer kva denne grunderverksemda i Førde har utvikla av produkt i energisektoren.  Sara Johnsborg, NAV, presenterer det årlege næringsbarometeret, og  Trond Teigene, relativt ny adfministrerande direktør i  Sparebanken Sogn og Fjordane, vil gje sitt syn på kva fellestrekk som kan finnast i verksemder som lukkast. Til å halde tråden i det heile er valgt Rolf-Sanne Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling.

Gå heller ikkje glipp av prøvetur med Loen Skylift til Hoven etter konferansen den 10.mai. Er du ekstra ivrig kan du også få meg deg førarrangementet den 9.mai med oppspel og næringsquiz til Næringsdagane.

Meir om program og påmelding finn du på Næringsdagane si heimeside.
Vi håper du har høve til å delta. Hugs påmeldingsfristen som er 5.mai.

Næringsdagane 2017 vert arrangert for tredje gong, 10. – 11. mai på Hotel Alexandra i Loen. Desse 10 organisasjonane og verksemdene står bak arrangementet:  NHO, LO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, NAV, Innovasjon Norge og IT Forum.

Velkommen skal du vere!

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419
Heidi Skorpen

Rådgiver

NHO Vestlandet

heidi.skorpen@nho.no
Telefon
97103276