Havbruk – ei framtidsnæring

Først; la oss vere samde om at dersom vi skal produsere og leve av noko her i dette landet så er det slik at all produksjon gir avtrykk og konsekvensar! Ein produserer ingenting av luft og kjærleik.

Publisert 15.03.16

Sogn og Fjordane, Vi meinar

70 prosent av jordas overflate er dekka av vatn, medan berre i underkant av to prosent av verdas matproduksjon kjem frå sjøen. Kor bør veksten komme? Norge sine klimatiske forhold og ei lang kystlinje med kaldt, klart vatn og stor vassutskifting gjer det svært gunstig å drive havbruk i Norge; - og sjølvsagt i Flora kommune.

Norge produserer meir enn 15 millionar måltid med laks kvar dag. Oppdrettslaksen er vår mest lønsame matproduksjon. Sjømat klarer seg dessutan utan subsidiar, og oppdrettslaksen er den klart mest lønsame. Utsiktene framover tilseier at etterspørsel og produksjon av laks vil auke betydeleg i framtida. Det store spørsmålet blir då om Flora kommune skal legge til rette for vekst i denne næringa lokalt? Norsk havbruksnæring har ei total verdiskaping på 27 milliardar kroner inkludert ringverknadar og sysselset 23 700 årsverk.

Om ein er opptatt av å ete mat som er bra for klimaet så skal du ifølgje Framtiden i våre hender velje laks. Laks er vesentleg betre enn svin, gulost, kylling, torsk, sau og storfe. Storfe har 11,7 kg klimagassutslepp per 1000 kcal, medan oppdrettslaks har 1,4 kg klimagassutslepp per 1000 kcal. Kva vel du til middag?

Av alle husdyr har oppdrettslaks den mest effektive omdanning av fôr til mat. For å produsere 1 kg laks trenger laksen 1,3 kg fôr. Kylling må ha 2,2 kg og gris 3,0 kg. Laksen er også blant våre friskaste husdyr. Antibiotikabruken ligg på 0,5-1 prosent.

Oppdrettarar nyttar i dag ulike verkemidlar mot lus, mellom anna leppefisk, som blir satsa stort på i Flora, og ny teknologi som laser. Når ein brukar legemiddel er dette med strenge restriksjonar. I sommarmånadane når det er hovudsesong for skalskifte for krepsdyr som kan vere nær eit oppdrettsanlegg er det sterke restriksjonar på bruk av legemidlar som kan påverke skaldyr. Oppdrettarane brukar altså store ressursar på å halde fisken frisk og skåne miljøet. Det er altså ikkje slik, som vi av og til kan få ei kjensle av når vi les innlegg i lokalavisene, at dette er ei næring som berre tenkjer profitt og opererer uetisk i høve til folk og miljø!

I innlegg i Firdaposten blir det t.d. også hevda at næringa har få arbeidsplassar lokalt. Lat oss gje nokre få døme frå Flora kommune, som har arbeidsplassar direkte og indirekte knytte til havbruksnæringa. Slakteriet (89 tilsette), Ewos (107), Steinsvik Mercatus (14), Steinvik Fiskefarm (24), Svanøy Havbruk (12), Norwell (11), Havlandet Forskingslaboratorium (8), Havlandet Marin Yngel (5). I tillegg kjem dei som køyrer laksen ut til kunden i bl.a. Europa, fôrtransport, elektrikarar, røyrleggjarar, dykkarar og fleire bedrifter som har oppdrag som følgje av havbruksnæringa, bl.a. ulike andre salsledd. Ser vi endå større på det har vi leverandørar av stål, plast, nøter, tau, etc, etc. Og ser vi endå større på det har vi alle i forvaltninga, veterinærar etc.

Går vi til samfunnsrekneskapen gir den lokale havbruksbedrifter mykje tilbake til lokalsamfunnet. Ikkje berre i form av skattar og avgifter, men også i form av støtte og sponsing til lag og organisasjonar.

Sjølvsagt skal næringa vere berekraftig, og det er den. Næringa er ei av dei mest regulerte i Norge og det er i alle si interesse, også oppdrettarane, at produksjonen skal vere god og framtidsretta. Difor jobbar næringa kontinuerleg med å utvikle og skape ein framtidsretta produksjon.

For Flora og andre kystkommunar i Sogn og Fjordane dreier det seg no om å legge til rette for at denne nasjonale vekstnæringa også skal bli ei vekstnæring her i fylket. Vi har sett på debatten som har gått om Steinvik Fiskefarm AS sin lokalitet ved Veiesundet, og ein del av debatten tyder på at ein fleire ikkje ønskjer å legge til rette for at havbruket skal kunne få den vekst som potensialet tilseier i Flora.

Her er vi nøydde til å stole på at oppdrettaren sjølv veit kva lokalitet som eignar seg best, ikkje minst i høve til fiskehelse. Lokaliteten ved Veiesundet er i følgje dei lovpålagde undersøkingane som er gjennomførte ein god lokalitet, med gode straumtilhøve og god utskifting av vatn. Det er dette kommunen må vektlegge i sterkast grad når ein skal vurdere saka.

Det er også slik at kommunen i det minste må ha alternative lokalitetar tilgjengeleg, som representerer like gode forhold og like god lønsemd, dersom ein vil rive opp ei etablert drift og flytte den. Etter det vi kan sjå har ikkje Flora kome med slike alternativ. Uavhengig av denne saka er det også viktig at kommunane legg til rette for havbruksnæringa i langt større grad, både med tanke på planverk og ferdig regulering. Kommunane si primæroppgåve andsynes næringslivet er å legge til rette for lønsam og auka næringsaktivitet. Då er ferdige og tilgjengelege planer like viktige som reduserte skattar og avgifter på næringsdrift.

Kronikk av regiondirektør, Jan Atle Stang, NHO Sogn og Fjordane.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419