Hei, du! Du, ja! Invitasjon til dugnad

NHO satsinga Ringar i Vatnet har som mål å få flest muleg av NHO sine medlemsbedrifter til å tilsetje menneske som av ulike årsaker har hamna utanfor arbeidslivet.

Publisert 22.02.16

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Dette blir gjort ved hjelp av attføringsbedriftene som igjen får kandidatar via NAV. Prosjektet er NHO sitt svar på delmål 2 i IA-avtalen "hindre fråfall og auke sysselsetjinga av menneske med redusert arbeidsevne".

Attføringsbedriftene skriv intensjonsavtalar med medlemsbedriftene i NHO, og kartlegg bedrifta sitt framtidige rekrutteringsbehov og kompetansekrav. På denne måten kan dei starte førebuingane for å finne den best eigna kandidaten til stillinga lenge før stillinga blir lyst ut.

I Sogn og Fjordane er det dei fire attføringsbedriftene Mentro (Førde), In Via (Sandane), Origod (Florø) og Sogneprodukt (Vik mfl) som utgjer Ringar i Vatnet. Dei har sett seg som mål å ha 105 Ringar i Vatnet-avtalar innan 1. juli 2016. Per dags dato har dei heile 65.

Samarbeidet føreset ei deling av både av kunnskap og erfaring, og gir ein nærleik til bedriftene som sikrar arbeidsgjevar mot feiltilsetjingar. Og vi ser at rekruttering fungerer best når det skjer mest muleg på arbeidsgjevar sine premisser i høve til tryggleik.

På Vestlandsrevyen den 1. februar fekk vi sjå korleis samarbeidet kan gjerast i praksis. Nettbuss, Sogneprodukt, NAV og Sogndal vidaregåande skule samarbeider tett og med same mål for augo; å få folk som står utanfor arbeidslivet attende i arbeidslivet. Ja, heilt spesifikt; inn bak rattet hos Nettbuss. Ikkje mindre enn fire er i dag i jobb hos Nettbuss etter denne modellen, og to nye er på veg.

Eit anna døme er samarbeidsavtalen som er inngått med Stongfjordbedrifta Norsk Bergsikring. Avtalen med Norsk Bergsikring er spesiell fordi den ikkje berre dreiar seg om Sogn og Fjordane. Når Norsk Bergsikring arbeider i andre deler av landet blir den aktuelle NHO-regionen informert, og syter så for at beskjeden blir gitt vidare til Ringar i Vatnet sine ansvarlege i den delen av landet som arbeidet føregår.  På den måten kan ein tilsetje folk utanfor ordinert arbeid i Norsk Bergsikring i heile Norge. Samfunnsmedvitne bedrifter som dette fortener ros og heider, noko vi i NHO er opptatt av og stolte av.

For å få Ringar i Vatnet til å bli ein endå større suksess i Sogn og Fjordane treng vi likevel endå fleire medvitne bedrifter med på laget. Vi treng store og små, med og utan eit akutt rekrutteringsbehov og frå alle delar av fylket. Ringar i Vatnet er samfunnsansvar, det er inkluderingsarbeid og det er smart rekruttering. Bli med på denne viktige dugnad!

Har du spørsmål knytt til satsinga eller vil du melde ditt behov, ta kontakt med regionansvarleg i NHO Service, Ragnhild Friis-Ottessen på tlf. 911 25 951 eller rfo@nhoservice.no.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419