Helse som næring - fjern barrierane og hent ut potensialet

Helsenæringa er eit heilt sentralt svar på omstillingsbehovet i norsk økonomi. Med særs høgt forskingsbidrag og stor eksportdel har den eit enormt potensial.

#205

Fotograf: iStockPhoto

Publisert 14.06.16

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Norsk helseindustri er svært internasjonalt orientert og sterkt prega av forsking og utvikling. Norge står midt i ei omstilling. Det er stort behov for arbeidsplassar og eksportinntekter. Helsenæringa er ein viktig bidragsyter.

Ein studie NHO har fått utarbeidd; "Verdiskaping i helsenæringen" av Menon Economics, viser at Norge er godt rusta til å utvikle ein global helseindustri. Vi har eit leiande helsevesen, etablerte helsemiljø med stor eksport, gründerar med internasjonale ambisjonar, samt mykje forskings- og utviklingsaktivitet i sektoren.

Verdiskapinga i helsenæringa dobla seg frå 2004-2014 – ein vekst som truleg blir minst like høg dei neste ti åra. Helseindustrien eksporterte for heile 20 milliardar i 2015 og 8 av 10 bedrifter har internasjonale ambisjonar. Ein av tre vil bli verdsleiande innanfor eigen marknad.

Næringa har som sagt eit enormt potensial, men møter mange barrierar. Dei kan vere knytt til offentlege verkemiddel, løyvingar, regelverk, infrastruktur, offentlege innkjøp osb. Den nemnde studien viser likevel at tilgang på kapital er den største flaskehalsen i høve til utvikling for helseindustrien.

Helse Førde inviterte nyleg til eit møte der målet var å gje leverandørar innsikt i utfordringar og planar framover i helsesektoren. Over 70 aktørar frå næringslivet i Sogn og Fjordane møtte på seminaret og deltok på speeddating med ulike tema, m.a. IKT, teknologi og mulegheiter for innovasjon. Vegen vidare blir å identifisere aktuelle område og invitere til nytt dialogmøte. Her er det stort potensial for innovasjon og utvikling i fjordfylket.

NHO-fellesskapen organiserer selskap frå heile verdikjeda innanfor helse- og velferdsmarknaden; leverandørar av helsetenester, teknologi- og kunnskapsaktørar, legemiddelprodusentar, klynger, industri- og utstyrsaktørar, konsulentar, arkitektar og byggenæringen.

Saman med relevante lands- og bransjeforeiningar arbeider NHO for å fjerne barrierane som bedriftene møter. Rammevilkår er svært viktig for å få innovasjon og resultat. Vi skal vere eit talerør for heile helsenæringa og heile verdikjeda. Og vi skal gjere det lettare å lukkast som helsebedrift i Sogn og Fjordane og Norge.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419