HR -dagen nærmar seg

Påmeldingane strøymer inn, og vi har tatt ein prat med ein engasjert og flink personalsjef i fylket for å høyre kva ho tenker er viktig innafor HR og HMS.

#205

Bilete fra TINE sin stand på Karrieremessa til Framtidsfylke i Bergen 2015. F.v. Cathia L. Baarøy (student på BI som har skreve oppgåve om TINE på Byrkjelo) og Unni Verlo.

Publisert 02.09.16

Sogn og Fjordane

HR-dagen går av stabelen 13. september kl. 09.30 til 15.00 i Byrkjelo på Tine Meieriet. Her blir enkelte delar av HR-dagen sentralt streamet på vår eigne regionale HR-dag. Vi har også invitert inn Anders Snortheimsmoen til å snakke om eit spennande tema innan leiing, verdiar og prestasjonskultur.  

Det er framleis plassar igjen!
Meld deg på her.

Tine Meieriet avd. Bykjelo er vertskap for HR-dagen og dette er ikkje utan grunn. Under eit medlemsbesøk i april i år var NHO Sogn og Fjordane innom Meieriet, og fekk då blant annet eit godt innspel frå Unni Verlo, personalsjef på bedrifta, om at eit HMS-nettverk i fylket hadde vore til god hjelp. Det er mange små og mellomstore bedrifter i fylket som slit med dei same problemstillingane innan temaet, og derfor er kunnskapsdeling og dialog viktig. Administrasjonen i NHO Sogn og Fjordane tok innspelet på alvor, og vurderer no å få starta opp eit slik nettverk. For å lufta tankane om eit nettverk var det naturleg å kombinere ein eventuell oppstart med HR-dagen som også arrangerast i Oslo same dag.

 Vi har tatt ein prat med initiativtaker Unni Verlo på Tine Meieriet på Byrkjelo, sjå kva ho meiner om god personalleiing her :

Kva kan leiinga gjere for at personalet skal trivst på jobb?
For at bedrifta skal kunne lykkast må leiinga «sjå» alle dei tilsette. Dei må la dei tilsette vite at det utgjer ein forskjell om dei er på jobb eller ikkje slik at dei byggjar stoltheit rundt arbeidsplassen sin. Vidare er det viktig at leiinga er tett på, rettferdig mot alle og at dei er tydeleg i alt dei gjer. Det er og viktig at dei legg tiltrette for personleg utvikling. 

 Kva er din viktigaste oppgåve, når du jobbar som personal- og HMS-leiar?
Eg skal vere ein pådrivar og støtte for leiinga innan HR- og HMS arbeid, og jobbar etter mottoet «Alle på jobb» og « Alle skal trygt heim». TINE har dei siste åra bevisst auka ressursbruken til HMS som er eit av satsingsområdane, der vi mellom anna arbeider for at nærværsprosenten skal vere så høg som råd, og at ingen skal gjere seg skade på jobb.  Vi ynskjer at dei tilsette skal oppleve at dei får god opplæring og at dei utfører meiningsfylte arbeidsoppgåver. Vidare prøvar eg å leggje til rette for eit godt samarbeid med tillitsvalde, verneombod, BHT, NAV, og andre samarbeidspartnarar. Og til sist prøvar eg å bidra til å skape arbeidsglede i TINE sitt anlegg på Byrkjelo.

Du er ein av initiativtakere til eit HMS nettverk i fylket.
Kva er dine tankar rundt eit slikt nettverk, og kvifor er det viktig å dele informasjon med andre bedrifter?
Vi veit at det er mange verksemder som legg ned mykje godt arbeid i forhold til HMS.  Vi er heilt sikker på at vi har mykje å lære av korleis andre arbeider med HMS, og vi trur at eit samarbeid kan inspirere både oss sjølve og andre til å lukkast enno betre på dette området.
Vi ynskjer å diskutere dei utfordringane vi står overfor med andre og vi ynskjer samarbeid og erfaringsutveksling med andre bedrifter omkring dette temaet. NHO var på besøk til mange av sine medlemsbedrifter før sommaren og etterspurde innspel på tenester dei kan tilby.  TINE spela då inn at NHO kan tilretteleggje for eit HMS-nettverk, og vi takkar for rask respons på denne førespurnaden, avsluttar Verlo!

Responsen på HR-dagen har vore overveldande, og mange er allereie påmeldt. Har du lyst til å sikre deg ein plass og vere med på å forme premissane for eit nettverk samt sanke informasjon på HR-feltet, meld deg på via lenka lengre oppe i artikkelen.

Vi håper å møte deg på Byrkjelo den 13.september.

Kontakt oss

Line Træen

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

line.traeen@nho.no
Mobil
95943895