Industrien og byggenæringa er motoren vår

NHO presenterte nyleg eit nytt økonomibarometer, der vel 2000 medlemsbedrifter frå heile landet har svart på spørsmål kring marknadssituasjon og –utsikter, investerings- og bemanningsplaner.

#205

Industrien er den næringsgruppa i Sogn og Fjordane som gir størst verdiskaping. I denne næringsgruppa finn ein bl.a. industri, bergverk, olje og kraftforsyning. (Ill. NHO) Fotograf: Heidi Skorpen

Publisert 27.06.16

Sogn og Fjordane

NHO ser no teikn på at vi nærmar oss eit vendepunkt og at den økonomiske utviklinga kan snu mot slutten av året. Men, opphentinga vil ta tid, NHO anslår at ein er tilbake i det som kan kallast ein "normalsituasjon" tidlegast 2018.

Når det gjeld NHO-bedriftene i Sogn og Fjordane har dei i lenger tid opplevd om lag same marknadssituasjon som landssnittet, men med store variasjonar. I 2. kvartal 2016 er bedriftene i fylket langt meir positive enn i fjor. Eit stort fleirtal av bedriftene meiner no at marknadssituasjonen er god. Det gjeld òg utsiktene framover; bedriftene er altså blitt langt meir optimistiske. For eitt år sidan var pessimismen like stor som i dei andre vestlandsfylka. No er bedriftene i Sogn og Fjordane blant dei mest optimistiske i landet.

Sogn og Fjordane skil seg likevel ut i høve landssnittet med fleire viktige industrielle næringssektorar. Saman med næringar som bygg/anlegg, reiseliv og IKT tel desse næringane om lag 55 prosent av verdiskapinga i Sogn og Fjordane mot 47 prosent på landsbasis.

Dette syner også att på verdiskapinga. Heile 34 prosent av verdiskapinga i fylket kjem frå dei industrielle næringane. På landsbasis, inklusive bearbeidde petroleumsprodukt er prosenten 17. Dei industrielle næringane representerer eit mangfald av varegrupper frå næringsstatistikken; – t.d. metall og maskinvarer, teknologi, verftsindustri, kjemisk industri, og ikkje minst ein stor næringsmiddelsektor. Her må det presiserast at sjømatnæringa er stor hos oss: Over halvparten av verdiskapinga i næringsmiddelindustrien dreier seg om sjømat. Men Sogn og Fjordane har også ein sterk energisektor som er viktig for totalbildet.

Verdiskapinga i industrien har vore aukande i fleire år. Trenden synast no å ha snudd, sidan fleire skips- og offshorerelaterte bedrifter dei siste månadane opplever tilbakegang. Målt som del av verdiskapinga har Sogn og Fjordane ein relativ høg eksportdel. Den svake krona har gitt eksportbedriftene eit tydeleg konkurransefortrinn og/eller prisauke i norske kroner. Eksporten av tradisjonelle varer fall i 2015, men i første kvartal i år har eksportverdien auka med over 15 prosent. Havbruksprodukt bidreg sterkt til denne veksten. Vi går ut frå at  effekten av auka konkurransekraft ikkje er uttømt endå. Eksportbedriftene i Sogn og Fjordane kan vente ytterlegare framgang i 2016.

Byggenæringa i fylket er spesielt positive til framtida. Tala for nye byggeprosjekt i 1. kvartal har auka markant, og ting tyder på at bustadbygginga når eit rekordhøgt nivå i 2016 både innan yrkes- og bustadbygg. For yrkesbygg er det også registrert eit rekordstort volum i igangsettinga til no i år, og for 2016 er det venta at byggebransjen totalt sett vil bidra positivt til utviklinga i sysselsettinga i Sogn og Fjordane.

Men det er ikkje å stikke under ein stol at vi også har ein del utfordringar i Sogn og Fjordane. Byggebransjen merkar eit auka press på konkurransen frå utanlandske aktørar. Det er ikkje ukjent at ein del av desse også opererer på måtar som dei fleste norske selskap ikkje kan tillate seg. Dette går både på arbeidsforhold, tryggleik og kvalitet.

Innanfor havbruksnæringa ser vi også at det høge prisnivået ein har hatt ei stund på fisk ikkje vil vere berekraftig på sikt. Fleire av dei utanlandske oppkjøparane av norsk laks slit med å ha råd til å kjøpe fisk til så høg pris, og fleire har gått konkurs. Men dette kan ein ikkje skulde næringa for. Dette må dei ta ansvaret for dei som bestemmer volumet på biomasse i eksisterande anlegg og tilgangen på areal til nye lokasjonar.   

Men ei av dei største utfordringane Sogn og Fjordane har er kanskje utviklinga når det gjeld folketal. Medan Norge har hatt ei befolkningsauke på 3,6 prosent, har Sogn og Fjordane si auke vore på skrale 0,9 prosent samla dei tre siste åra. Vi meiner at auka satsing på næringslivet vil kunne bidra positivt til fleire arbeidsplassar og ein framtidig folketalsvekst. Rammevilkåra må betrast og her har politikarane våre på alle nivå eit ansvar. Det må lønne seg å bygge arbeidsplassar, og det må lønne seg ha privat, lokalt eigarskap. I dag ser vi t.d. at skatteregimet vårt favoriserer utanlandsk eigarskap. Slik kan vi ikkje halde fram dersom vi skal få auka aktivitet i næringslivet; fleire arbeidsplassar og fleire innbyggjarar!  

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419