INVITASJON TIL DIALOGMØTE – Framtidsretta fleirbrukshall

Hyllestad kommune har gjennomført eit forstudie for bygging av fleirbrukshall på Hyllestad. Ein har no starta eit forprosjekt for å føre dette arbeidet vidare.

#205

Yrkesfag i praksis Fotograf: iStockPhoto

Publisert 07.06.16

Sogn og Fjordane, Leverandørutvikling

Hyllestad kommune inviterar leverandørar til dialogmøte om prosjektet Hyllestad Fleirbrukshall. Føremålet med dialogmøtet er å informere om kommunen sine behov, ønskjer og utfordringar knytt til oppføring av Hyllestad Fleirbrukshall.

Prosjektgruppa har definert tre viktige satsingsområde:

  • Energi
  • Drift
  • Vedlikehaldskostnader

Gjennom dialogmøtet ønskjer Hyllestad kommune, så tidleg som mogleg, å opprette ein dialog med marknaden for å få til ein best mogleg tilrettelagd prosess for vegen vidare med å få realisert prosjektet Hyllestad Fleirbrukshall. Ved å opprette denne type kontaktpunkt ynskjer ein å få gode innspel frå marknaden som kan vere til hjelp ved utvikling av ein funksjonell kravspesifikajson for prosjektet.

Les heile invitasjonen og bakgrunnsnotatet her.

Agenda dialogmøte 14.6.2016.

Stad for møte: Sognefjord hotell, Leirvik

10:30     Kaffi og rundstykker
11:00     Velkommen ved ordførar
11:10     Kort om program for leverandørutvikling v/NHO
11:25     Orientering om prosjektet Hyllestad Fleirbrukshall/prosjektleiar
11:45     Orientering om prosjektet sine fokusområde v/prosjekteigar
11:55     Tema: Beskriving av no-situasjon
12:05     Pause
12:35     Tema: Entrepriseform m. dialog rundt tema
12:50     Tema: Støttemoglegheiter knytt opp mot hovudfokus prosjekt
13:00     Spørsmål og diskusjon
13.30 – 14:00     Vegen vidare

Påmelding til stig.tverberg@hyllestad.kommune.no innan 13.juni. Dialogmøtet blir streamet. Gje meldig om du ønskjer å delta via streaming til stig.tverberg@hyllestad.kommune.no.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860