IT-forum får støtte til næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane

Regjeringa gjev IT-Forum Sogn og Fjordane 1,5 millionar kroner til å utvikle ei regionalt tilpassa IT-utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Publisert 02.12.15

Sogn og Fjordane

IT-forum Sogn og Fjordane er ein av ti regionale næringsmiljø som får støtte til kompetanseutvikling frå regjeringa. I alt var det 28 næringsmiljø med i konkurransen om midlane.

Leiar i IT-forum Sogn og Fjordane og assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid takkar regjeringa og Innovasjon Noreg, og seier:

IT-næringa står alt sterkt i fylket, med opp mot 1000 arbeidsplassar i dag, både i privat og offentleg sektor. Truleg er dette berre starten. I framtida vert IT-kompetanse stadig viktigare. Støtta gjer oss i stand til å utvikle ei utdanning som både kan dekkje kartlagde behov frå privat og offentleg sektor, og lage grobotn for vekst. Vi vil vi kunne få langt fleire arbeidsplassar innan IT dersom vi får ei IT-utdanning til fylket.

Viserektor for FoU Erik Kyrkjebø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er glad for å kome endå eit steg vidare når næringslivet no har utfordra høgskulen til å lage ei framtidsretta IT-utdanning. Høgskulen er oppteken av å vere relevante for næringslivet i regionen, og av å levere kandidatar med høgt etterspurd kompetanse til fylket. Tal frå samordna opptak viser ei stor auke i talet på søkjarar til IT-utdanningar i landet dei siste åra, og målsetjinga må difor vere å rekruttere like mykje til utdanninga utanfor fylket som frå fylket.

Prosjektleiar Svein Ølnes ved Vestlandsforsking seier hovudmålet i prosjektet er å planleggje, etablere og finansiere ei IT-utdanning på bachelornivå, som både kan dekkje kartlagde behov for næringslivet i dag, og som samstundes er ei nasjonal nyvinning. Ølnes er glad for at næringa med styrke har signalisert vilje til å bidra til utdanninga til dømes gjennom undervisning og vertskap for studentutgåver. I alt 40 verksemder har delteke i kartlegginga eller kome med støtteskriv til søknaden. I tillegg har stortingsrepresentantane i fylket, fylkesordførar og varaordførar støtta søknaden. Han legg til at dette viser kor sterkt samarbeidet mellom offentleg og privat sektor står i Sogn og Fjordane, og at vi får til det meste når vi arbeider i lag for det.

IT-forum nyttar høvet til å gratulere Maritim foreining Sogn og Fjordane/GCE Subsea, som også har fått 1,5 mill kr til sitt prosjekt, «Etablera tilbod om samansett kompetanse retta mot havrommet og havromsteknologi».