Ja, til ein verdig slutt på arbeidslivet

Regjeringa foreslår å heve aldersgrensa til 72 år, med intensjon om seinare å auke den til 75 år. Det blir dessutan opna for å auke den bedriftsinterne aldersgrensa frå 67 år i dag til 70 år. Både NHO og LO er sterkt imot endringane.

Publisert 05.12.14

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) kunngjorde dette i eit møte med partane i arbeidslivet sist tysdag, og reaksjonane har ikkje late vente på seg. Både NHO og LO er negative til desse endringane, og vil jobbe politisk for å hindre at regjeringa får gjennomslag for framlegget.
For ikkje berre er dette negativt i høve til konkurransekrafta og verdiskapinga vår, det vil også føre til at fleire vil oppleve ein uverdig slutt på arbeidslivet sitt. Det er dårleg seniorpolitikk!

Bakgrunnen for regjeringa sitt framlegg er å auke arbeidsdeltakinga blant seniorar, i ei tid då det er mangel på arbeidskraft i fleire bransjar. Vi meiner likevel det er feil medisin å lovfeste at folk skal jobbe til dei er over 70 år. Mange i den alderen har hatt eit hard arbeidsdag sidan dei var unge, og ser gjerne fram til å kunne pensjonere seg ved fylte 67 år. Andre ønskjer gjerne å stå til dei er 70. Etter Arbeidsmiljølova sin (AML) § 15-13a har arbeidstakar i dag oppseiingsvern fram til han/ho fyller 70 år. 

I samråd med arbeidsgjevar kan ein altså vere i arbeid til ein er over 70, men det vil aldri bli opplevd som noko tvangstrøye for nokon av partane. Det siste er viktig, og det er det som blir situasjonen dersom regjeringa får gjennomslag for framlegget sitt.

Seniorar har etter eit langt arbeidsliv kompetanse og erfaring som bedriftene, yngre kollegaer og samfunnet treng. Men det kan ikkje vere opp til arbeidstakar åleine å bestemme kor lenge arbeidsforholdet skal vare. I så fall opnar ein for konfliktar og uverdige tilhøve.

I Sogn og Fjordane syner statistikken at vi står lenge i arbeidslivet. Ja, vi ligger godt over landssnittet. På landsbasis jobbar 20,6 prosent av 70 åringane, mens i Sogn og Fjordane jobbar 26,1 prosent av dei. For 74 åringane jobbar 16,9 prosent av dei i Sogn og Fjordane mot 12,3 i landet elles. Dette meiner vi er eit tydeleg døme på at bedriftene saman med arbeidstakarane finn gode løysingar i dag. 

Det har vore ei klar haldning i samfunnet om å oppretthalde pensjonsordningar som sikrar ein god seniorpolitikk, ein verdig avslutning på arbeidslivet, samt eit system som sikrar rekruttering ved at unge kan komme seg inn i arbeidslivet så tidleg som muleg. Ingen er tent med at den unge og nye kompetansen blir ståande utanfor døra og vente på ledig plass. Ein slik praksis fostrar lite innovasjon og vekst. Det betyr ikkje at seniorane på 70 pluss ikkje er brukande, men at dei bedriftene som har behov for ny kunnskap for å utvikle seg må få høve til det. Det er eit faktum at både fysiske og kognitive eigenskapar blir svekka med alderen. 

I dei fleste oppseiingssakene grunna omorganisering og effektivisering er kriteria for å velje kven som skal ut tufta på ansiennitet. Som oftast er det dei yngste som då går først. Ikkje minst er dette ei utfordring i dag på grunn av at permitteringsreglane gjer til at ein vel oppseiing i staden for permittering. Ei utviding av aldersgrensene vil få som følgje at dei unge vil bli oppsagde først med aukande arbeidsløyse som resultat. Dette vil ofte vere unge og nyutdanna i etableringsfasen som treng arbeidserfaring og inntekt.

Både LO og NHO strekar under i sine høyringsuttaler at ei auke i aldersgrensa dessutan skapar behov for å drøfte folketrygda sine ytingar; tenestepensjon, særavtalar osb. Justering av aldersgrensa bør difor bli gjenstand for ei langt breiare vurdering før lovverket blir endra. Vi reagerer også på at framlegget berre omhandlar privat sektor!

Tal frå Norsk seniorpolitisk barometer 2013 viser at nesten ni av ti leiarar meiner det er ein fordel at medarbeidarane jobbar heilt fram til normal pensjonsalder, men at dei er langt meir tilbakehaldne med å kalle inn arbeidssøkjarar over 57 år til intervju. Ein muleg konsekvens av å heve aldersgrensa kan då bli at arbeidsgjevarar i endå større grad blir skeptiske til å tilsetje 50-60 åringar. Framlegget vil truleg verke mot si hensikt ved at det reduserer attraktiviteten til seniorar i arbeidslivet og gjer naudsynt omstilling i bedriftene vanskeleg. 

Framlegget om å endre aldersgrensene er i realiteten symbolpolitikk, og har lite å seie for å få fleire seniorar til å stå lenger i jobb. For realiteten er at dei fleste har avslutta det yrkesaktive liver sitt før dei fyller 67 år. Dei forsvinn ut av jobb tidleg i 60-åra. Det vil difor vere langt meir effektivt for verdiskapinga å rette innsatsen inn mot denne gruppa. Her er potensialet for endring stort, og det interessante er at departementet sjølv vedgår dette i framlegget sitt. Regjeringa skriv nemleg: "(...) hovedutfordringen med å få flere til å stå lenger i arbeid ikke knytter seg til arbeidstakergruppen over 70 år. Det store frafallet av seniorer fra arbeidslivet skjer rundt 67 år eller tidligere. Av den grunn er det lite sannsynlig at en heving av 70-årsgrensen alene vil føre til at mange flere blir stående i jobb til de er over 70 år." 

Det vil gje langt større effekt på seniorane si arbeidsdeltaking å fjerne den bedriftsfastsette 67-årsgrensa enn å endre lova si 70-årsgrense. Den bedriftsfastsette 67-årsgrensa har i dag eit krav til konsekvent handtering, som gjer at også arbeidstakarar som arbeidsgjevar gjerne ville behalde vidare må slutte i jobb. 

Både LO og NHO framhevar i eit fellessvar at det å oppretthalde ei aldersgrense på 70 år er tenleg. Dette for å unngå vanskelege saker der arbeidstakar og arbeidsgjevar har ulik oppfatning av om arbeidstilhøvet bør halde fram. Vi håpar at regjeringa tek til fornuft og plasserer framlegget sitt der det høyrer heime, i ei godt låst skuffe.  

Jan Atle Stang, Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane                                    

Nils P. Støyva, Distriktssekretær LO Sogn og Fjordane

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419