Jobbskaparane er livsviktige for distrikta

Dei som tek risiko og jobbar døgnet rundt for å starte og drive bedrifter kringom i lokalsamfunna våre, får skjeldan den honnør dei fortener. Dei er jobbskaparane våre, dei som skaffar arbeid til lokalbefolkninga, som bidreg til oppretthalding av skular, barnehagar og butikkar, og som syter for viktig skatteinngang til kommunane.

#205

Ove Kjøllesdal, dagleg leiar i Eid Elektro.#120 Fotograf: Kyrre Lien

Publisert 19.07.17

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Men mange av dei viser også samfunnsansvar på andre måtar enn å gje folk arbeid. I Stongfjorden skal Norsk Bergsikring drive butikk og pub for at det skal vere attraktivt å bu og jobbe i bygda. I Eid er dagleg leiar Ove Kjøllesdal i Eid Elektro også «skulesjef» for Montesorriskulen i Kjølsdalen.

Fleire av Eid Elektro sine tilsette bur nemleg i Kjølsdalen, Ove si heimbygd, med 300 innbyggjarar. Då kommunen for ei tid sidan ville legge ned skulen, tok Ove Kjøllesdal og andre i bygda over skulen.

– I eit lokalmiljø er samspel viktig – alle er avhengige av kvarandre. Det at eg engasjerte meg i skulen har hatt positive synergieffektar for Eid Elektro. Det gode samarbeidet mellom lokalsamfunnet, næringslivet, kommunen og utdanningsinstitusjonar i Eid er det som har gjort mest inntrykk på meg som bedriftsleiar i løpet av alle desse åra, seier Ove Kjøllesdal i dag.

Dette er berre to dømer, men det finst mange fleire bedrifter og bedriftseigarar kringom i fylket vårt som bidreg mykje for å oppretthalde lokalsamfunna. Dei veit at skal bedrifta vekse og utvikle seg; rekruttere rett kompetanse, ja, så må det også vere attraktivt å bu i bygda.

Lokalt eigarskap er viktig for levande lokalsamfunn. For bedriftene inneber den lokale forankringa ofte at bedrifta meir enn gjerne til dømes støttar opp om lokale lag og organisasjonar, og elles investerer i nærmiljøet. Jobbskaparane er med andre ord viktige samfunnsbyggjarar som bør få langt meir heider og ære enn tilfellet er i dag.

Difor har NHO no valt å gje desse jobbskaparane eit ansikt, ja, vise dei fram slik at folk flest skal bli klar over kor viktig lokale bedrifter og bedriftseigarar er for samfunna dei opererer i. Vi har valt å ut fem bedrifter kringom i heile landet som er representative for dei som skaper viktige verdiar i lokalsamfunna og bidreg til å halde oppe distrikta. NHO har laga fem filmar og kalla prosjektet «Jobbskaperne». Ove Kjøllesdal og Eid Elektro er ei av desse fem bedriftene. Du kan sjå dei flotte filmane på NHO si heimeside eller på NHO Sogn og Fjordane si Facebookside.

Så bør vi alle stille oss spørsmål som: Kva verdi har arbeid for samfunnet, bedrifter og einskildmenneske – i dag og i framtida? Korleis legg vi best til rette for at det blir skapt verdiar i norske bedrifter? Kva må til for at bedriftene kan utvikle seg og vekse, slik at fleire arbeidsplassar kan bli skapte i privat sektor? Og kva type jobbar vil vi ha i framtida?

Dette er viktige spørsmål for unge som skal velje yrkesveg, viktige spørsmål i høve til kva retning bedrifter i lokalsamfunna våre skal velje, og viktige spørsmål for politikarar som skal legge til rette for bedrifter som vil satse og skape verdiar.

Men dette er sjølvsagt også viktige spørsmål som vi i NHO ønskjer å sette på dagsorden. Difor vil nokre av desse spørsmåla bli sett søkjelys på når norske og internasjonale toppnamn skal møtast til NHO sin årskonferanse 9. januar 2018 i Oslo Spektrum. NHO ønskjer samstundes å vise bedriftene si store betydning for velferda vår, og sette dagsorden for verdi- og jobbskaping. Dette vil vi gjere gjennom ein open og mulegheitsorientert diskusjon om kompetanse, sysselsetting, inkludering og lønsemd.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon (Desken, Event og internkommunikasjon)

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419