Julehelsing frå NHO Sogn og Fjordane

Vi går snart inn i julehøgtida og inn i eit nytt år. I den samanheng vil NHO-kontoret i Sogn og Fjordane ønskje leiing og tilsette i alle medlemsbedriftene våre alt godt for jula og det nye året.

Jan Atle Stang

Fotograf: Moment studio

Publisert 20.12.16

Sogn og Fjordane

Her er ei lita oppsummering av året som snart er omme.

2016 har vore utfordrande for ein del medlemsbedrifter. Ikkje minst bedrifter langs kysten, og elles dei kring om i fylket som har aktiviteten sin knytt til petromaritim næring. Men vi ser heilt klart at for majoriteten har året vi snart skal ta farvel med gått rimeleg bra, ja, for einskilde har det gått veldig bra. Til dømes melder reiselivsnæringa om god framgang. Valutasituasjonen har også gjort til at landbasert, eksportretta næringar har gått bra, i tillegg til næringsmiddelindustrien. Det har også vore bra aktivitet i bygg- og anleggsnæringa i fylket. Problemet her og i fleire andre næringar er knytt til manglande tilgang på kompetant, yrkesfagleg arbeidskraft. Dette er noko vi ved regionkontoret til NHO jobbar mykje med, ikkje minst gjennom Fagopplæringsnemnda.

2016 har vore eit svært aktivt år for oss i NHO Sogn og Fjordane. Og det likar vi! Det starta som vanleg med dialogmøtet med lokalt næringsliv, politikarar og stortingsbenken frå S&F i  januar. Eit godt møte med både gode innlegg og diskusjonar om kva mulegheiter og utfordringar vi ser for næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi legg stor vekt på å halde både stortingsbenken, ordførarar og andre politikarar orienterte om utviklinga i næringslivet, og kva vi forventar at politikarane skal bidra med bl.a. i høve til betre rammevilkår. Dette påverkingsarbeidet driv vi med gjennom heile året.

 I 2016 har vi både arrangert eigne møteplassar, og delteke i møte og ordskifte som andre har arrangert. Vi har dessutan vore aktive deltakarar i både radio og aviser, og ikkje minst gjennom sosiale medium. Dei store tema også i år har gått på strukturar av ulike slag, ikkje minst kommunereforma og regionreforma. Her har vi gitt våre høyringssvar med utgangspunkt i kva NHO-styret meiner er best for næringslivet i dag og i framtida. Vi har også deltatt aktivt i debatten kring samferdsle. Her snakkar vi om alt frå styrking av fylkesvegnettet og utbygging av fiber/breiband, til sikker heilårsveg rv52 Hemsedal. Her har vi både levert høyringsuttale til Statens Vegvesen og delteke aktivt i ulike debattfora om saka. No ventar vi spent på kva Regjeringa vil lande på. Vi har også, saman med NHO Møre og Romsdal og NHO Innlandet gitt høyringsuttale på opprusting av Strynefjellet, med arm til Geiranger, samt delteke i KVU-arbeidet som Statens Vegvesen jobbar med kring Kystvegen.  

 Gjennom året har vi også vore i kontakt med mange medlemsbedrifter, både for å informere om NHO, men ikkje minst for å la bedriftene sjølve fortelja om verksemda; utfordringar, mulegheiter og framtidsutsiktene. Dette har vore veldig spennande og viktig for oss. Gjennom såkalla Roadshow i 2016 har vi køyrt rundt og snakka med bedrifter både i Nordfjord, Sogn og Sunnfjord, totalt 110 stykk. I tillegg har vi snakka med endå fleire via telefon. Det å bli betre kjent med ulike bedrifter og bransjar gjennom fysiske besøk og samtalar, er ein viktig del av arbeidet vårt, og vi vil halde fram dette arbeidet i 2017. Vår ambisjon er at vi skal ha ei eller anna form for kontakt med alle våre kring 750 medlemsbedrifter i fylket gjennom kommande år. I tillegg til dette har vi saman med landsforeininga Abelia vitja fleire teknologibedrifter saman med stortingsrepresentantar, bl.a. med Sveinung Rotevatn (V).

 Vi skal heller ikkje gløyme KommuneNM, der NHO måler og samanliknar aktiviteten til kommunar i landet; ein slags temperaturmålar på korleis stoda er i ulike regionar. Resultata av målinga fekk bra merksemd i media.  "Næringsdagane" i mai samla også mykje folk, og dette arrangementet var så vellukka at vi skal halde fram med det i 2017. Vi har dessutan hatt "Gå for næringslivet", ein arena der vi koplar politikarar med bedrifter kring om i kommunane. I tillegg har vi reist rundt og informert kommune- og bystyra om næringslivets betydning.  

 Det vil ta for mykje plass å nemne alt vi har vore involvert i dette året, anten gjennom media eller møter, men nokre stikkord meiner vi likevel er viktige: Lærlingar og lærlingklausulen, samferdsle, informasjonsmøte om tariffoppgjøret, kurs i vern av immaterielle rettar, HMS-kurs for leiarar. Dessutan har vi arrangert "Handelsdagar" i Førde og Florø, der ein handelsekspert m.a. har fortalt om utviklingstrendar i varehandelen. Vi har også delteke på ulike eksterne konferansar som t.d. VVS-dagane i Loen, Leverandørkonferansen, Vekst i Vest og Kraft i Vest.  

 Av andre viktige saker vi har jobba med dette året er samfunnsansvarleg næringsliv i SF, leverandørutvikling, energi, mineral, omstilling, framtidas arbeidsliv, i tillegg til å jobbe for betre rammevilkår på området som til dømes saka om nettleiga og flyplasstilbod. I samband med statsbudsjettet jobba vi også for å betre rammevilkåra innan t.d. samferdslesektoren generelt, og for eit betre skatteregime.

 Det er også viktig i denne samanheng å minne om at vår arbeidsgjevarservice gjer ein fantastisk jobb ut mot medlemmene, og at advokatane våre står til teneste for alle medlemsbedrifter av NHO. Dei står for mange av kursa vi tilbyr for medlemsbedriftene innan t.d. arbeidsrett, nytt lovverk, AML, etc. Vi har også eit godt samarbeid med Eurojuris, som medlemene også kan kontakte og få rabatterte prisar hos.

 Vi vil også minne om Næringsdagane 2017, og oppmode alle om å sette av datoane 10.-11. mai. Arrangementet vil gå av stabelen på Alexandra Hotel i Loen, og temaet vil vere konkurransekraft gjennom det grøne skiftet.

 Vi som jobbar for Dykk i NHO Sogn og Fjordane vil på denne måten få ønskje alle medlemsbedrifter med leiarar og tilsette ei retteleg god jul og eit godt nytt år. Måtte vi alle få oppleve eit 2017 som både gir vekst, utvikling og stort framtidshåp!

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419
Heidi Skorpen

Rådgiver

NHO Vestlandet

heidi.skorpen@nho.no
Telefon
97103276