Kampen om arbeidskrafta

Kampen om arbeidskrafta er hard og den blir nok neppe lettare med det første.

Traineekullet 2009/2010. Foto:Thomas Bickhardt/Bickfoto

Publisert 06.08.14

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Marit Gjerstad, rådgjevar NHO Sogn og Fjordane

Det er vanskeleg å få tak i fagfolk innan ulike bransjar og bedrifter som jaktar etter folk med høgare utdanning melder om store utfordringar med å rekruttere. Fylket er på plussida når det gjeld folketalsvekst grunna arbeidsinnvandringa, ungdom flyttar ut og unge vaksne er fråverande. Men kanskje er det ei endring på gang?

I år har NHO Sogn og Fjordane valt å vere trainee-bedrift. Det er ikkje første gongen, vi har vore trainee-bedrift fleire gonger og traineen frå tidligare er her endå.
I år var det totalt 16 bedrifter frå Sogn og Fjordane som meldte seg som trainee-bedrifter. Ein god variasjon av bedrifter, som saman er med på marknadsføringskampanjar i regi av Framtidsfylket. For fylket sin del er dette særs positivt då ein får gjort synleg nokre av dei spennande karrieremulegheitene ein har i Sogn og Fjordane. Ein trainee må ha bachelor- eller masterutdanning, beherske norsk og ha maks 3 års arbeidserfaring etter avslutta studiar. 

Heile 370 søknadar kom inn på dei 17 stillingane, ei formidabel auke frå fjorårets runde då det var 129 søknadar. I ein så stor søkjarbunke er det sjølvsagt variert kvalitet, men vi må uansett ta dette som eit særs godt teikn. Unge menneske med høg utdanning er interessert i å jobbe i Sogn og Fjordane. NHO Sogn og Fjordane fekk 35 søkjarar. Tar ein bort dei som ikkje skreiv norsk, sat vi igjen med 30 veldig gode kandidatar. Det var ein vanskeleg jobb å plukke ut til intervju, og det var veldig jamt når det endelege valet skulle takast. Vi var utruleg imponert over kompetansen og bakgrunnen til dei som søkte og er overtydd om at fleire bedrifter må vurdere Framtidsfylket sitt trainee-program. 10 av 16 bedrifter har tilsett ein trainee. Så om ikkje rett kandidat dukkar opp i denne runda er det inga plikt å tilsette nokon.

Å starte i sin første jobb, gjerne flytte til ein ny plass, er eit stort steg for ein nyutdanna, uansett kor i landet ein hamnar. Gjennom trainee-programmet blir den nytilsette ein del av eit nettverk av likesinna, der dei har fem faste samlingar gjennom det året programmet varer. Tidlegare traineear trekker dette fram som eit stort pluss, då dei raskt får det nødvendige nettverket, blir kjende med andre bedrifter, næringar og stader i fylket. Sogn og Fjordane treng fleire gode ambassadørar, som har kunnskap om fylket og som kan snakke positivt om fylket. Traineeane er ein av desse ambassadørane som er viktige uavhengig om dei blir verande i fylket eller om dei vel andre utfordringar etter programslutt.

I kampen om arbeidskrafta er det viktig å nytte ulike kanalar for å finne dei rette tilsette. Det er òg viktig å tenke langsiktig om rekrutteringa. Her kan til dømes profilering av bedrifta gjennom Framtidsfylket sine karrieremesser vere ein viktig aktivitet. Sjølv om ein kanskje ikkje har behov for arbeidskraft der og då, kan ein treffe interesserte unge menneskjer som ein kan knyte forbindelse med og kanskje kontakte ved seinare behov. Datoar for messene og frist for å melde seg på som trainee-bedrift er lagt ut på Framtidsfylket sine heimesider.

Ein annan viktig rekrutteringskanal er gjennom EURES-tenesta i NAV. European Employment Services er eit samarbeid mellom EU/EØS-landa og Sveits. Sogn og Fjordane har sin eigen EURES-konsulent som har eit breitt nettverk, oversikt over personar som ønskjer jobb innan ulike bransjar og kan hjelpe bedriftene med å leggje ut stillingsannonsar.
Det er interesse for å jobbe i Sogn og Fjordane, her må ein gripe dei mulegheitene og kanalane som er for å vinne kampen om arbeidskrafta.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860