Kommunen som den krevjande kunden

Det offentlege Norge kjøper inn for 400 milliardar kronar. I Sogn og Fjordane er talet vel 10 mrd. Det vil sei at kommunar og andre offentlege organisasjonar har ein stor positiv innkjøparmakt som vi meiner dei i større grad må bruke til å utfordre leverandørane.

Publisert 25.02.15

Sogn og Fjordane, Leverandørutvikling

NHO Sogn og Fjordane trur kommunane betalar for mykje gjennom innkjøpa sine, der resultatet er gårsdagens løysingar med høge driftskostnadar. Leverandørane seier at grunna kravspesifikasjonane som kommunane utarbeider, er det umuleg å gje tilbod om ny teknologi og løysingar. Kommunane etterspør gårsdagens teknologi. Bedriftene vil tilby innovative løysingar, men grunna ein detaljert kravspesifikasjonen er det umuleg. Vi meiner at kommunane bør gjennomføre dialogkonferansar på eit krevjande innkjøp.

Gjennom å bruke sin positive innkjøparmakt har kommunen mulegheit til å bli proaktiv og den krevjande kunden som utfordrar og utviklar næringslivet. 5 % av kommunane har aktivt søkt innovative løysingar gjennom innkjøp. Dette er eit svært lavt tal. Men, det positive er at 63 % ønskjer å oppnå dei innovative innkjøpa. Innkjøparar manglar ofte kunnskap og verktøy. Gjennom å bruke dialogkonferansar setter ein fokus på dei innovative resultata.

Betre omdømme

Kommunen som tenesteleverandør bør kunne tilby dei beste og morgondagens løysingar for innbyggarane. Gjennom å vere proaktiv, for å finne ut kva som er i marknaden av ny teknologi som på best muleg måte kan oppfylle behova, kan dei oppnå dette. Vi meiner kommunen vil auke sin truverdighet og betre omdømmet om kommunen aktivt jobbar for å skaffe til veie dei beste tenestene til innbyggarane, og samtidig utviklar lokale leverandørar.

Det beste innkjøpet

Vi meiner at ved å nytte dialogkonferansar vil ein oppnå det beste innkjøpet med omsyn til lønnsamheit på sikt. Ny teknologi kan vere dyrt i sjølve innkjøpet, men, oftast er driftskostnadane lågare, ved t.d. lågare energibruk som gjer at nedbetalinga skjer raskare og at ein sparar energi. GK sitt miljøhus i Oslo er eit godt døme. For å få passivhusstandard måtte det til ei ekstra investering på åtte millionar, der ENOVA var inne og støtta 50 %. Grunna redusert energibruk vil denne investeringa vere nedbetalt i løpet av 4-5 år. Dei sparar om lag 900.000 kronar i året. I tillegg vil CO2-utsleppa reduserast med 435 tonn per år. Her må det offentlege vere i front med å tenke ny miljøvennleg teknologi.

Ingen klagar?

Ved å ta i bruk dialogkonferansar på krevjande innkjøp må ein rekne med omlag 2-3 månadar meir i innkjøpsprosessen. Dette er mykje, tenker ein kanskje. Men, gjennom 50 gjennomførte innkjøp der dialogkonferanse er nytta har berre ein leverandør klaga, og den vart avvist. Ved å sleppe klagar i etterkant av innkjøpet vil kommunen spare mykje tid og ressursar. Vi trur at med dialogkonferanse i forkant av innkjøpet vil få oppklara ein rekke spørsmål og detaljar slik at leverandørar har mykje betre innsikt i kva behovet til kommunen er og korleis ein kan løyse det ved å tilby dei beste løysingane. Ein kan også samarbeide med nabokommunen om å gjennomføre dialogkonferansar om ein har samanfallande behov.

NHO Sogn og Fjordane oppmodar alle kommunar til å ta i bruk dialogkonferansar på eit krevjande innkjøp.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860