Korleis blir fylket sjåande ut i 2040?

NHO Sogn og Fjordane inviterte til innspelsseminar om effektive bu- og arbeidsområder måndag 1. september.

Publisert 03.09.14

Sogn og Fjordane

Korleis blir fylket vårt sjåande ut i 2040 var ein av spørsmåla da NHO Sogn og Fjordane inviterte politikarar og næringsliv til innspelsseminar. "Effektive bu- og arbeidsmarknadsregionar" er temaet for NHOs årskonferanse 08. januar 2015, eit tema som bør setjast høgt på agendaen i fylket, som regiondirektør Jan Atle Stang sa i sitt opningsinnlegg.

Bent Sverre Mehammer  frå COWI innleia seminaret med å snakke om ein rapport på befolkningsvekst og sentralisering som dei har produsert på bestilling frå NHO. Mehammer viste til økonomiske og demografiske tendensar både på landsbasis og i fylket med fokus på kvifor og korleis sentralisering oppstår. Ein klar tendens er at tenestenæringane veks og at desse lokaliserer seg i og rundt større byar. Mehammers anbefaling var derfor å forsøke og utnytte sentraliseringsgevinstar lokalt, og  for å lukkast med dette bør ein byggje eit tydeligare sentrum i fylket.

Trond Ueland snakka om SIS, Samarbeidsforumet i Sunnfjord, før temaet blei belyst både med næringslivsbriller, lokalpolitiske briller, fylkesbriller og stortingsbriller på, av høvesvis Rolf Sanne Gundersen (bilde), Kristin Maurstad, Hilmar Høl og Sveinung Rotevatn.

Rolf Sanne Gundersen holdt et engasjerende innlegg om rekruttering

Etter innlegga blei det opna for innspel frå publikum, der dei fekk moglegheit til å stille spørsmål til innleiarane, og fekk komme med sine synspunkt på korleis ein bør prioritere til det beste for framtida til fylket.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860