Krav om læringar i offentlege innkjøp

Frå hausten 2015/våren 2016 blir lova om offentlege innkjøp endra og ein lærlingklausul vil tre i kraft. Det vil sei at ein må ha lærlingar på det konkrete prosjektet. Dette er eit godt tiltak og det vil vere eit kraftig incitament for å bli lærebedrift og å ta inn lærlingar.

Publisert 10.08.15

Sogn og Fjordane

Offentleg sektor omset for over 400 milliardar i året, og utgjer til dømes om lag 40 prosent av omsetninga i byggebransjen. Gjennom bruk av lærlingklausuler vil offentlege innkjøparar (stat, kommune, fylkeskommune og offentlege eigde føretak) kunne gje fleire kontraktar til lærebedrifter.

NHO sitt kompetansebarometer viser at 60 prosent av bedriftene har behov for fagarbeidarar dei neste fem åra. NHO sine medlemmer dekker om lag halvparten av lærekontraktane i Norge, som totalt er nærmare 40.000. For å dekke arbeidslivets kompetansebehov i framtida og få fleire ungdommar til å velje yrkesfagleg utdanning trenger vi enda fleire læreplassar enn i dag. Kvart år søkjer om lag 5000 ungdommar læreplass utan å få kontrakt. I Sogn og Fjordane er det 150 ungdommar utan læreplass.

Lærlingklausul vil gjelde for alle, også utanlandske bedrifter. Kommunen vil bli pliktig til å undersøke i kva bransjar det er behov for lærlingar, og dermed også i kva konkurransar man må ha lærlingklausular. Sjølv om dette blir lovpålagt ser NHO eit behov for at kommunane og fylkeskommune forpliktar seg og tar dette alvorleg. Difor har NHO satt i gang ei landsomfattande 'budstikke'  der politikarar signerar på at dei forpliktar seg til å gjere ein grundig jobb med å hente inn informasjon om kor det er behov for lærlingar, og syter for at kravet om lærlingar følgjast opp i kommunen sine innkjøp. NHO Sogn og Fjordane sin 'budstikke-turné '  vart godt mottatt i dei kommunane vi besøkte, vi har fått mange signaturar frå positive politikarar. Dette er ein viktig sak for Sogn og Fjordane, det handlar om å sikre arbeidskrafta og kompetansen som bedriftene har behov for og å få ungdom til å busette seg og bli i fylket.

I Sogn og Fjordane er det om lag 1000 løpande lærekontraktar fordelt på omtrent 500 lærebedrifter. Lærebedriftene tar inn lærlingar for å rekruttere. Samtidig tar dei eit stort samfunnsansvar ved at dei, i tillegg til å vere produksjonsbedrifter, også utdannar unge og vaksne til fagarbeidarar. For å stimulere til kontinuitet og sikre stabil rekruttering er det viktig at det lønner seg økonomisk å vere lærebedrift. NHO meiner at lærlingklausulane bidrar til lønsamheitaspektet og at det er eit viktig incitament for å bli lærebedrift.

NHO støttar ein mest muleg generell regel som seier at lærlingklausul skal vere hovudregelen ved innkjøp. Samtidig er det viktig at dette ikkje blir urimeleg og gjer innkjøpsprosessen uhensiktsmessig tunggrodd. Det må difor praktiserast unntaksbestemmelser som tar omsyn til innkjøp der lærlingklausulen vil vere urimeleg. Innkjøparar må difor få utarbeidd gode veiledarar som kan vere til hjelp i prosessen.

Den politiske leiinga har ansvaret for administrasjonen og forvaltninga der innkjøpa blir bestemt, utformast og effektuert. Det er viktig at innkjøparar ser på lærlingklausular som eit nyttig verktøy som støttar ein god og viktig sak i regionen. Ein signert appell gjer bindingar og dei som jobbar direkte med innkjøp må bli meir bevisste og følgje opp lærlingklausulen på ein god måte.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860