Kurs: Coaching og relasjonsleiing

Folkeuniversitetet har satt opp nytt kurs i coaching og relasjonsleiing. Kurset tek til i Florø og på Eid til hausten.

#205

Illustrasjonsfoto. Fotograf: Istockphoto

Publisert 06.06.16

Sogn og Fjordane

Coaching og relasjonsleiing emne 1 - 15 STP. Oppstart på Nordfjordeid og i Florø haustsemesteret 2016

Folkeuniversitetet arrangerer studiet coaching og relasjonsleiing emne 1 - 15 STP. Dette populære studiet skal starte både i Florø og på Eid til hausten. Sist i Florø i 2013 var det full klasse med 30 deltakarar og på Sandane i 2014 var det 29 deltakarar med.
Ein har gode moglegheiter til å byggje vidare på gjennom å ta coaching og relasjonsleiing emne 2 og 3. Arbeidskravet for å ta heimeeksamen på emne 1 er ein rapport på 12 sider.

Forelesarane har lang erfaring og fleire av dei er blant dei mest røynde innan dette fagområdet i Norge. Om du vel å studere coaching hjå Folkeuniversitetet i Sogn og Fjordane, vil du oppleve å få både fagleg påfyll i eit inspirerandre miljø. I tillegg opplever mange fordelen av det nettverket ein kan få om ein deltek på dette studiet. Alle som tek coaching emne 1, vil m.a få invitasjon til ei årleg nettverkssamling, der målet er å gje deg godt fagleg påfyll og høve til å knyte nye kontakter. Til neste år kjem t.d. Hanne Rohde på Gloppen Hotell.

Folkeuniversitetet samarbeider med Sogndal Fotball og fleire av deira leiarar som t.d. Håvard Flo har teke faget og er positiv til studiet. Ta kontakt med Reidar Brandsberg for meir andre referansar frå kursa.  

Coaching og relasjonsleiing 15 STP, vil gå over følgjande datoar i Florø hausten 2016:
Påmelding til studiet i Florø gjer du ved å klikke her:

Torsdag 25 og fredag 26 august             – Forelesar: Kari Skjaker
Tysdag 27 og onsdag 28 september    – Forelesar: Petra Røise
Torsdag 20 og fredag 21 oktober           – Forelesar: Marit Hartviksen
Torsdag 24 og fredag 25 november      – Forelesar: Jan Spurkeland

Coaching og relasjonsleiing 15 STP, vil gå over følgjande datoar på Eid og Sandane hausten 2016: Påmelding til studiet på Eid gjer du ved å klikke her:

Torsdag 1 og fredag 2 september        – Forelesar: Kari Skjaker
Torsdag 22 og fredag 29 september    – Forelesar: Petra
Torsdag 27 og fredag 28 oktober           – Forelesar: Marit Hartviksen
Torsdag 22 og fredag 23 november      – Forelesar: Jan Spurkeland – denne samlinga blir på Gloppen Hotell på Sandane.

Om ein ikkje har høve til å vere med på t.d. den eine samlinga på Eid, kan ein dra til Florø og få med seg tilsvarande samling der. Då blir du og kjent med dine medstudentar.

Innlevering av heime-eksamen, som er ein praksisrapport på 12 sider, må skje innan 09 desember 2016.

Tidspunkt alle torsdagar vert frå kl. 10.00‐17.00 og alle fredagar frå kl. 09.00 – 16.00.

Prisen for sjølve studiet er kr. 25.900,-. Eksamensavgift kr. 3500,- og bøker for ca kr. 1500,- kjem i tillegg.

 Meir informasjon om sjølve studiet på 15 STP, ta kontakt med reidar.brandsberg@folkeuniversitetet.no eller tlf 47 65 69 06.

 Ein kan melde seg på gjennom å gå til www.folkeuniversitetet.no. Om du søkjer på Eid evt. Florø og coaching, finn du studiet og kan melde deg på via nettsida.

 Siste frist for påmelding er fredag den 15 august 2015.