Kurs i offentlege innkjøp

Det offentlege kjøper inn for over 400 milliardar i året. I Sogn og Fjordane er beløpet 9,5, milliardar. Vi inviterer kommunar og bedrifter til kurs 1. september for å auke kunnskap i korleis gjere betre og meir framtidsretta innkjøp.

Publisert 17.06.15

Sogn og Fjordane

Vi veit at det kjøpas inn varer og tenester for 9,5 milliardar kroner i Sogn og Fjordane. Ein stor andel av desse innkjøpa blir foretatt hos bedrifter utanfor fylke.

Både kommunar og bedrifter ønskjer auke sine kunnskapar om offentlig innkjøp.

Gjennom den regionale satsinga på Nasjonalt Program for Leverandørutvikling og med støtte frå Innovasjon Norge arrangere difor NHO Sogn og Fjordane kurs i offentlege innkjøp 1. septemberScandic Sunnfjord Hotel med formål å utvikle lokalt og regionalt næringsliv gjennom offentleg innkjøpsarbeid.

MELD DEG PÅ KURS NO:

FOR LEVERANDØRAR: Kunsten å vinne offentlege anbod

FOR OFFENTLEG TILSETTE: Korleis bli ein "smartare innkjøpar"

I siste del av kurset vil deltakarar frå det offentlege og leverandørar møtast og diskutere muligheitsrommet kring innkjøpslova for å skape ei felles forståing for lovverket og muligheitsrommet.