Kurs i Samfunnsansvar

Næringslivsetikk og samfunnsansvar - Korleis kan di verksemd gjennom praktisk arbeid med samfunnsansvar oppnå betre omdømme og lønnsemd? Dette vil du lære meir om på kurs som vi arrangerer på Sandane, i Sogndal, Florø og Flekke/UWC i haust!

Publisert 16.09.15

Sogn og Fjordane

Med støtte frå NHO SF og Fylkeskommunen i SF vil nettverket 'Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane'  inviterer nettverksbedrifter og andre verksemder i privat og offentleg sektor til:

3- timars introkurs i strategisk og innovativt arbeid med samfunnsansvar i haust.

Målgruppe: Kurset er retta mot styrerepresentantar, topp- og mellomleiarar.

SJÅ FULLT PROGRAM HER.


Vi har satt opp introkurs i kvar av regionane i fylke. Her kan du sjå detaljar og påmelding for dei ulike stadane: 

Bedrifter møter stadig strengare krav innan miljø og etisk riktig framferd. Undersøkingar viser at bedrifter som tek desse krava på alvor og skapar eit positivt engasjement hos dei tilsette innan dette arbeidet, scorar høgare på trivsel og er meir attraktive blant unge arbeidssøkarar. 

På dette introkurset får de med dykk verkty som kan hjelpe dykk i gong med å systematisere samfunnsansvarsarbeidet.

Sett samfunnsansvar på dagsorden i eiga bedrift og meld dykk på!

 

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949