Kva er ståda for breiband der du driver bedrift?

Breibandforum skal no gjere ei kartlegging av behovet for breiband i Sogn og Fjordane. Dette vil legge grunnlaget for ein ny breibandstrategi.

Publisert 10.03.16

Sogn og Fjordane

På eit møte nyleg fekk kommunane i Sogn og Fjordane informasjon om korleis ein skal gå fram for å oppdatere breibandstrategien til fylket. Dei fleste kommunar har levert kart over attståande område i eigen kommune. Dette blir satt saman til ein fylkesoversikt med kva som er utbygd og kva som står att. Den nasjonale utlysninga for breibandsutbygging kom nyleg, og søknadsfristen er i mai.

Har du innspel kring dette? Korleis er status for breiband i ditt område? Ein ønskjer å fange opp behov frå næringslivet. Overlevering av rapporten skjer i april.

Ta gjerne direkte kontakt med Ivar Petter Grøtte i Vestlandsforsking for å melde inn behov og for å få meir informasjon.

Her kan du sjå presentasjonen som vart lagt fram på møtet med kommunane.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860