Kva vil du bli?

Søknadsfristen for vidaregåande opplæring nærmar seg, og rundt 60.000 ungdom står føre eit stort og viktig val.

I 2035 vil Norge mangle opp mot 90.000 fagarbeidarar. Berre i byggenæringa vil det være manko på 30.000 fagarbeiderar i 2030.

Publisert 19.02.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Holger Aasen, seniorrådgjevar NHO Sogn og Fjordane, og Christian Albertsen, trainee NHO Sogn og Fjordane

 Med over 150 forskjellige yrker å velje mellom, og med eit stort press frå omgjevnaden kva angår utdanning, yrkesval, og kor mange år ein skal studere, er det ikkje så enkelt å ta desse vala. I denne prosessen speler foreldra sine råd ei stor rolle. Ei undersøking gjennomført av Respons Analyse for NHO viser at 9 av 10 foreldre kjem til å gi råd til sitt barn i ein studie- og karriereplan, og at 2 av 3 foreldre opplever at barna vektlegg deira studie- og karriereråd. Med desse tala i bakhovudet er det svært viktig at både ungdommen og foreldra har tilstrekkeleg informasjon om morgondagens arbeidsmarknad, og om mulegheitene dei ulike studie- og karrierevala gir. Aller viktigast er det at foreldra støtter opp om barnas nysgjerrigheit, og lar dei utforske mangfaldet av mulegheiter.

På yrkesmessa i Nordfjord møtte vi den 18 år gamle lærlingen Helene Hundeide, som frå SFE sin stand fortalte om sitt skuleval, og sine erfaringar som lærling. På spørsmål om kvifor ikkje fleire vel yrkesfagleg utdanning, svarte ho at både elevar og foreldre kanskje ikkje veit nok om dei mange mulegheitene utdanninga gir. Det trur vi ho har rett i.

18 år gamle Helene Hundeide håpar fleire vel yrkesfag. Her står ho på stand for SFE på yrkesmessa i Nordfjord

I 2035 vil Norge mangle opp mot 90.000 fagarbeidarar. Berre i byggenæringa vil det være manko på 30.000 fagarbeiderar i 2030. Desse tala frå Statistisk sentralbyrå seier oss at arbeidsmarknaden er i endring, og at næringslivets etterspørsel etter yrkesfagleg kompetanse er enorm.

- Veldig mye av norsk næringsliv og suksessen der er tufta på den gode fagarbeidaren. På våre kartleggingar blant bedriftene, kjem yrkesfaga ut heilt på topp av etterspurt kompetanse

- Veldig mye av norsk næringsliv og suksessen der er tufta på den gode fagarbeidaren. På våre kartleggingar blant bedriftene, kjem yrkesfaga ut heilt på topp av etterspurt kompetanse, sa NHO-direktør Kristin Skogen Lund til Dagens Næringsliv 18. januar 2015. Dette er godt nytt for deg som kjem til å søke deg inn på ei yrkesfagleg retning før 1. mars. Du har svært gode føresetnadar for å få fast jobb!

Samstundes er det viktig for mange ungdommar (og foreldre) at det er mulegheiter for etter- og vidareutdanning, eller å kunne velje ein ny karriereveg. Fleksibilitet verdsetjast. Vel ein å ta yrkesfag får ein denne fleksibiliteten. Ein får mulegheita til å fordjupe seg i ei fagretning, samstundes som ein ikkje lukkar nokon dørar. Tvert imot. Dørar opnast. Ofte høyrer vi at dei mest ettertrakta ingeniørane er dei som har yrkesfag i botn, og som så har gått vidare med studiar.

NHO har lista opp 5 dører til vidare utdanning etter fagbrev

1. Yrkesfagleg veg til høgare utdanning (Y-vegen). Ein rekke studiar ved høgskular og universitet har opna for søkjarar med fagbrev.
2. Meisterbrevutdanning
3. Fagskuleutdanning
4. Påbygging til generell studiekompetanse
5. Fagbrev parallelt med studiekompetanse

For Helene var det eit enkelt og greitt val når ho bestemte seg for yrkesfag. - For meg var det heilt logisk. Eg har gode utsiktar for fast jobb, eg får brukt både hovudet og kroppen, og eg får løn mens eg lærer, sa montørlærlingen.

Vi ønskjer morgondagens arbeidstakarar lykke til med eit viktig og framtidsretta val!

Kontakt oss

Holger Aasen

Seniorrådgiver

NHO Sogn og Fjordane

Holger.aasen@nho.no
Telefon
95817898