Kven fortener gründerprisen for ungdom i år?

No treng vi hjelpa di til å finne vinnaren av gründerprisen for ungdom 2014. Du kan føreslå både deg sjølv og andre. Kriteriet er at vinnaren må vere under 35 år og ha eiga verksemd.

Vinnar av gründerprisen for ungdom 2013, Siri Linn Haugen frå Back to Start AS. Foto: Birte Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Publisert 02.10.14

Sogn og Fjordane

Gründerprisen skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner og går til ein gründer mellom 18–35 år, og vert delt ut på fylkestinget i desember.

Gründeren må vere busett og verksemda lokalisert i Sogn og Fjordane. Etableringa må ha skjedd i løpet av dei fem siste åra.

Må ha tydeleg forretningspotensiale

Aktuelle kandidatar vert vurdert ut frå desse kriteria:

  • Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Det kan mellom anna vere i form av:
  • arbeidsplassar
  • omsetnad
  • teknologisk nyskapande produkt
  • kommersiell innretting av produkt
  • offensiv nyskaping
  • funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
    • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
    • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell kompetanse)
    • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
    • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og etablering av kvinnelege arbeidsplassar 

Juryen er samansett av representantar frå fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge. 

Kjenner du til ein ung gründer som oppfyller kriteria og fortener litt ekstra merksemd? Eller er du ein ung gründer som vil søkje om å få prisen? 

Delt ut årleg sidan 2006

I 2013 vann Siri Linn Haugen og Silje Blindheim gründerprisen for sin innsats med å utvikle verksemda Back to Start AS som tilbyr kompetanseheving innan basistrening. Tidlegare vinnarar av prisen er Håvard Halvorsen, Jørn S. Nilson, Jørgen Borgesen og Halvor Gregusson frå selskapa Yast, nLink og Rocketfarm, Jørn Mikalsen og Heidi Kopperud frå Videonor AS og Seevia AS, Sindre Kvalheim frå Local Host AS, Njål og Linn Wilberg som står bak AskAdam AS, Jarand Fretheim bak Stadt Surfcamp og gründerane bak Moods of Norway.

Send forslag med informasjon om kandidatar innan 11. november til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Næringsavdelinga
Askedalen 2
6863 LEIKANGER

eller på e-post til Birte.Tuxen.Bo@sfj.no