Kystvegkonferansen

Kystvegkonferansen skal i år gå i Florø den 25. august. Som tidlegare er arrangementet eit samarbeid med Maritim Forening Sogn og Fjordane som startar med eit eige arrangement kvelden før.

Publisert 12.07.15

Sogn og Fjordane

Konferansen har to hovudtema: 

  1. Kystvegen viktig for å skape ringverknader mellom næringsklynger, - ikkje minst spreie ringverknader frå sterke industrimiljø i Nordhordland og Søre Sunnmøre. 

  2. Korleis finansiere Kystvegen gjennom fylke som ikkje har økonomiske ressursar til  å gjennomføre store tiltak og som i komande år vil få ytterlegare reduksjon i overføringar frå staten.  Kan ferjeavløysingsmidlar hjelpe?  Kva med bompengar? Leiar i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Linda Helleland stiller på konferansen. Det same gjer fylkesordførar Åshild Kjelsnes.  Kanskje dei har gode svar?  Bør Kystvegen bli riksveg igjen? 

Karl Vidar Førde, styreleiar i «45 min regionen»  (Kystvegen Måløy – Florø AS) og Svein Gjelseth frå Rovdefjordbrua AS har sett på korleis ein kan finansiere desse to viktige sambanda mellom Florø og Ålesund, eit i Sogn og Fjordane og eitt i Møre og Romsdal.

BI vil presentere analyser av samfunnsnytten av  tre fjordkryssingar på Kystvegen:  Rovdefjordbru, bru over ytre Nordfjord og bru over Førdefjorden.  Torgeir Reve eller Marius Norkvelde frå BI er faglege kapasitetar på samfunnsøkonomiske verknader av infrastruktur. Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff, som har ansvar for Plan og Samfunnsavdelinga i Sogn og Fj fylkeskommune,  har meiningar, mellom anna om behovet for samband mellom næringsklynger på kysten og  sterke næringsklynger i Nordhordland og Sunnmøre.

Tord Dale som er dagleg leiar i Maritimt Forum har klare synspunkt på behovet for samband for å byggje vekstkraftige næringsklynger i kystregionen og behovet for tilførselsvegar til hamnene. http://maritimt-forum.no/  og   http://maritimt-forum.no/haugalandet-sunnhordland/kraftsalve-mot-kystverket-fra-tord-dale-maritimt-forum/

Næringslivet i ytre Nordfjord har lang veg til flyplass.  Florø Lufthamn er den einaste av dei regionale lufthamnene på Vestlandet der flyrutene skal drivast utan tilskot frå staten.  Eit godt rutetilbod er med andre ord heilt avhengig av trafikkgrunnlaget. Kan Kystvegen gjere det mogleg å drive kommersiell rutetrafikk på Sogn og Fjordane?  

For kommentarar og  nærare informasjon kontakt:

  • Styreleiar i Kystvegen Ålesund – Bergen, Bengt Solheim-Olsen, (ordf i Flora) 90699057
  • Styreleiar i 45 min Regionen og styremedlem i Kystvegen Ålesund - Bergen, Karl Vidar Førde, (ordførar i Bremanger)    95982950
  • Prosjektleiar I Kystvegen Ålesund – Bergen,
    Eivind Hjellum    415 30 160
  • Dagleg leiar i Maritim Forening Sogn og Fjordane, 
    Stein Kvalsund,  97698785

Facebook:   Kystvegen Ålesund – Bergen